
Finnbunuten frå Myrkdalen
Me snudde rett før toppen pga tjukk skodde og whiteout.



Onen (1620m)
20cm nysnø og kjempeflotte forhold! Slo opp teltet rett ved Langavatnet torsdag kveld, og starta tidleg nok til å få soloppgangen frå toppen.












Onen (1620m)
Starta frå Viermyr (ca 800moh) i morgontimane og fulgte Osafjellsvegen vidare oppover. Det var i minste laget med snø i starten, men med litt strategisk rutevalg var det akkurat god nok snøsåle til å sleppe å måtte være altfor redd for skiene.Var maksimalt heldig med været; Skodda forsvant omtrent i det minuttet eg kom til toppvarden (akkurat som YR hadde meldt). Ubeskriveleg flott vinterstemning med skoddehavet som låg tjukk rett under toppen. Etter ein lang pause i sola forflytta skodda seg oppover slik at sikta vart bra på turen nedatt.





Eggjenibba (1338m)
Formiddagstur i nydeleg vær til Eggjenibba, eit fjell ein ikkje kan unngå å legge merke til når ein køyrer gjennom Byrkjelo.



Bispen (1462m)
Bispen reiser seg rett opp frå Trollstigen og er eit lett tilgjengeleg fjell, med litt klyving siste høgdemetrene opp mot toppen. Langstrakt og flott utsikt mot alle Romsdalsfjella, Molde og Norskehavet.



Mølvafjellet (1215m)/Romsdalseggen frå Åndalsnes
Starta frå Åndalsnes sentrum og snudde på det høgste punktet langs ruta. Ein av klassikarane i Møre og Romsdal som byr på spektakulær utsikt over Romsdalstindane.


Slogen (1564m)
Rute: Øye - Slogen - Patchellhytta - ØyeFlott tur til ein av Sunnmørsalpenes mest populære fjelltoppar, likevel var det ingen andre å sjå langs ruta i dag.






Joggetur til Hamre

Haugseåsen - Vatnasete - Hauseberget/"utsiktspunktet". Bilen viste 11 varmegrader ved parkeringa på Haugseåsen i kveld..

Oksen (1241m) frå Hamre


Jonshorgi (643m) frå Rasdalen


Opp lia til Njuk.

Rossnos 1407m
Ettermiddagstur til Rossnos frå Freim. Flott utsikt over Odda, Folgefonna-breen og Sørfjorden! Vakkert lys med skodda som kom og gjekk over toppen.


Frå Haugseåsen til "utsiktspunktet"



Kveldstur opp Vindalsvegen til Vatnasete. Søkkvått, så måtte sykle slalom mellom sølepyttene langs kjerrevegen til Vatnasetevatnet.