MARS 2021

        
Flotte solrike dagar med øyhopping i skjærgården i Kragerø.
      ↑530m   
Morgontur i nysnø til Nonfjell. Kjempeflott føre opp til 900m, men snøfokk lenger oppe.
      ↑910m   
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Hadde maks flaks med timinga i dag, og kom på toppen omtrent i det minuttet snøbygene ga seg og skodda letta. Flott pudderføre heilt ned til Stokkseldalen.

Spekkhoggere på veg innover Ulvikafjorden i kveld. Filma frå Bruravik og Hetlenes.

Ryggfinnen på den største spekkhoggaren er truleg på over 2 meter!

      ↑870m    19,5km
Rute: Holven - Hedler - Trohaugen - Vindal - Hausnes.
Kjempefin runde på fleire "nyoppdaga" stiar.
      ↑770m   
Ettermiddagstur i dagsfersk nysnø opp Osafjellsvegen til Langavatnet.
      ↑670m   14km
Opp Vindalsvegen til Velken og vidare på kjerreveg til Hedler. Litt snø og is i stien øvst, men fint vidare nedover lia.

      ↑350m   11km
tur-retur Velken. Måtte snu i det girarmen på sykkelen plutselig kollapsa..

      9km   
Joggetur ut Hamrevegen, som oppvarming til måndagsbadet i fjorden
      ↑1010m   
Midtfjell (1255m) frå Stokksel
Vindfull formiddagstur til Midtfjell, med afterski-is i sola rett etter turen.
      ↑480m   22km
Opp Vindalsvegen til Haugseåsen, så på fin kjerreveg/sti nedatt til Haugse.
      ↑1060m   
Midtfjell (1255m) og Disk frå Stokksel
Formiddagstur til Midtfjell i overraskande fine snøforhold! Mjuk pudder heilt til topps.
      ↑1570m   
Blåskavlen (1809m) i Aurland
Kjempefin tur til Blåskavlen, med lang og flott solnedgang som fulgte oss heile siste halvdel av turen opp frå Voldedalen!
Sjå Sigvor sine bilder får turen her:
      ↑1010m    12km
Oksen frå Hamre
Hadde eit håp om å nå solnedgangen frå toppen rett etter jobb i dag, men med mindre snø enn forventa endte eg opp med å snu på ca 1000m - i det sola forsvant bak skyene. Uvanleg lite snø for tida så det blei ytterst forsiktige svingar for unngå stein som låg skjult i nysnøen.
      ↑1570m    16km
Brattenuten frå Espelandsdalen
Nydeleg vinterdag! Opp lia frå Botn var det faktisk så varmt i sola at ulltrøya måtte av. Tre nedkøyringar til Hestesodene(ca 900m). Føret vidare nedover var mildt sagt krevande..
      ↑870m    11km
Brattenuten frå Espelandsdalen
På pudderjakt og ettermiddagstur opp mot Brattenuten. Me snudde rett før toppen pga dårlig sikt og tett snødrev. På nedkøyringa vart me belønna med 30-40cm fersk nysnøføre!

      ↑1340m    16,5km
Horndalsnuten (1461m) og Vierskar frå Skaftedalen
30-40cm nysnø og stort sett veldig bra føre, men litt vindpåvirka og avblåst opp mot toppen. Café Skykkjeset diska opp med varm drikke etter turen!
      ↑590m    11km
Rute: Holven - Heiane - Fletene. To joggerundar på sti- og kjerreveg ovanfor Holven. Slapp å åpne opp grindene i dag, dei stod vidåpne etter vinden sine herjingar..
      ↑790m    7,5km
Hamre - Seljenuten (700m) - Middagsvarden.
      ↑720m    14km
Fjæratoppen (715m) frå Fjæra
Flott formiddagstur til Fjæratoppen i Etne. Det fyrste som møtte meg på toppen var ein nysgjerrig rev som hadde fulgt i sporet til haren. Den kikka på meg nokre sekund før den snudde og rusla vidare, og lurte seg dermed unna fotograferinga..

      ↑420m    8,5km
Trimtur med Sigve til Bilde frå Nesheim.


   (stispringing) ↑580m  10,5km
Rute: Haugseåsen - Vatnasete - Angerskleiv - Fuglavatnet - Heiane - Haugseåsen.
Kjempefine forhold for joggetur med piggsko. Hard skare, frosne myrer og islagte vatn.

      ↑1320m    14,5km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsdalen
Ettermiddagstur til Olsskavlen. Kunne starte på ski frå Botn(550m). Vidare frå Nordrebotn (780m) og opp var det jamnt og fint snødekke, med ein liten cm nysnø på mjuk skare. Sol frå blå himmel på turen opp, men kraftig vind og heilt overskya (krydra med litt skodde her og der) på siste del av turen; så det plutselege væromslaget la ein viss dempar på moroa nedatt i dag.
      ↑700m   6,5km
Trimtur til Seljenuten frå Hamre. Kun 2-3 små snøfenner att langs stien.
      ↑480m   7km
Stirunde i lia ovanfor Nesheim og fyrste turen med stisykkelen i år.

      ↑130m    10km
Joggetur t/r Hamrevegen til Startaneset - som oppvarming til det faste måndagsbadet i Granvinsfjorden.

   (kajakk-/fjelltur)    ↑720m    13km
Bagnstrond og Slettafjell (697m)
Padla over til Bagnstrond i blikkstille fjord og nydelege forhold. Varmt i sola og ikkje mykje som minna om vinter og februar. Gjekk vidare til fots frå Bagnstrond til Slettafjell (697m) og kunne gå i berre kortarma ulltrøye heilt opp. Såg mellom 20-25 hjort i skogslia opp mot toppen og kom opp til flott solnedgangen over Hardangerfjorden. Rakk ikkje nedatt før det vart skumring så då frista det lite å sjå etter teltplass langs fjorden, men med eit vær som minna meir om sommar enn vinter endte eg opp med å sove under open himmel, på brygga rett ved naustet der eg hadde parkert kajakken.