Kveldstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots opp til Seljesete, så vidare på ski til toppen. Flott rosafarga kveldshimmel og fullstendig vindstille!
Fin runde med utforsking av div "nye" stiar aust og vest for Granvinsvatnet.
Over Espelandsdalen til Ulvik med ein avstikkar til Oppheim og vidare på skogsveg til fyrste snøfonn. Tilbake samme veg.
Osafjellet / Kyrelvfjellet (1404m)
Starta grytidleg frå Viermyr for å utnytte dei få timane med sol som var meldt i morgontimane. Nydeleg start på dagen med blåtimen, pudderføre og soloppgang.
Fjordgløtt
Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Frå Liaset til Olsskavlen (1576m). Fyrst nedkøyring til Nordrebotn i tørr pudder - før sola verkeleg hadde fått tak. Oppatt til Stavaskarsnuten (1349m) og tilbake i strålande slushføre.
Espelandsdalen t/r, med eit par avstikkarar.
  ↑660m
Hangurstoppen frå Bavallen, i whiteout og full snøstorm, og direkte til jazzkonsert på Hangursrestauranten.
  ↑1260m 2t 45min 17,5km
Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Kraftig måneskin, vindstille og kjempeflott pudderføre heilt til topps, og kanskje ein av mine finaste kveldsturar til Lønahorgi.
Ut Hamrevegen og tilbake rundt Granvinsvatnet.
Oksen (1241m) frå Stokksel (via Ingebjørgnuten begge vegar)
10cm nysnø og kjempeforhold heilt til topps!
Ut Hamrevegen og tilbake rundt Granvinsvatnet. Mildt og vårleg!
Midtfjell (1255m) med DNT Voss.
Tur til Midtfjell frå Stokksel med ei triveleg gruppe! Vindfullt og til dels kraftige vindkast/snøføyk, men jamnt skareføre som etter forholda var fin å skri på nedatt. Kakao- og matpausen måtte me ta i furuskogen -godt i le for vinden - for omsider å kunne nyte varmen ifrå sola!
Folgefonna
Rute: Vintertun - Sauabrehytta - Folgefonna - Holmaskjerbu - Midtre Folgefonna (t/r)
Langtur over Folgefonna i drømmeføre med 5-10cm pudder, vindstille og sol!
Oksen (1241m) frå Djønno.
Utforska ei "ny" rute opp frå Djønno til Oksen. Litt knoting oppover i skogen (kombinasjonen av råtten snø og tett skog er ikkje heilt ideell..), men ellers fint vidare til topps.
Ut Hamrevegen og tilbake rundt Granvinsvatnet. Kjempefine forhold.
Havørn høgt over Granvinsfjorden
Fyrst opp til Velken så vidare til Espelandsvatnet.
Espelandsdalen t/r på tørre asfaltvegar og sesongens fyrste sykkeltur.
 13km
Solsæ t/r