
Nesheimshorgi/Horganipen frå Medås
Kjempeflott ettermiddagstur til Horganipen via Høgahorgi. Kaldt i lufta, men sidan det knapt var eit vindpust hadde sola klart å tine opp snøen ned heile Nautastien og ellers i solvendte brattheng.







Eg og Jarand på ettermiddagstur til Stavaskar. Pga hardt skareføre bestemte me oss for å snu før topppen - og det var kanskje like greit, sidan eg hadde klart å legge att vottane i bilen... Men ein fin tur vart det, til tross for litt kalde fingrar.

Velkesfjellet frå Haugseåsen. Slusj i solvendte heng, men ellers skareføre.


Eg og Eva på trimtur bratt opp Gjerike til utsiktspunktet. Så baksing til knes i ein halvmeter våt snø over til Heiane og Tveito, slik at det vart ein fin (eller iallefall minnerik) runde.


Spekkhoggere på besøk i Hardangerfjorden

Nesheimshorgi/Horganipen frå Medås
Nydeleg vær og strålande føre. Fortsatte vidare til Horganipen - kanskje det finaste utsiktspunktet over øvre-Granvin. Så tilbake over Høgahorgi og i kjempeføre nedatt Nautastien.



Strutseggi (1137m) frå Liaset
Kom akkurat opp til siste 10 minuttene av solnedgangen. Slusjføre frå topp til botn og heilt jamnt snødekke ned den austvendte flanken.




Oksen (1241m) frå Hamre
Eg og Audun starta turen direkte etter jobb i dag, med ski på sekk frå Hamre. Med ein halvmeter råtten snø i stien vart det ein tung og krevande start på turen, men det var fort gløymt i det me fekk ski på beina og sola kom fram. Varmt, fullstendig vindstille og nydeleg solnedgang i eit slør av dis og tåke. Og prikken over i-en var når Audun serverte kake på toppen!







  ↑2090m
Horndalsnuten (1461m) x 2
To nedkøyringar frå toppen. Kjempeflott slushføre ned den sørvendte elvedalen mot Skykkjeset. Sol frå blå himmel i formiddagstimane, før det raskt skya til og vart flatt lys utpå ettermiddagen.
Carlos i fint driv nedover fjellsida
  ↑1300m
Midtfjell (1255m)
Flott ettermiddagstur til Midtfjell. Vindfullt og avblåst på toppane men kjempeflotte forhold ned renna mot Stokkseldalen, der det vart ein ekstra runde. Vidare over Dosafjellet til Stokksel i siste rest av solnedgangen og i strålande føre.Filma av Sigvor Djukastein Mala
  ↑1010m
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Guida tur til Oksen med ei sprek gruppe. Både vær og føre var langt betre enn venta i dag. Pudderføre øvst og slusj lengre nede.


Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Pudderføre opp mot toppen og slush lenger nede. Gjekk i tjukk skodde siste høgdemetrene mot toppen og måtte fram med GPSen fleire gonger for å finne att sporet.



Kveldstur frå Stokksel til Dosafjellet via Skaret.
  ↑130m 13,5km
Joggetur t/r Hamre som oppvarming til måndagsbadet i fjorden. 9 grader i lufta og 6 grader i sjøen - det begynner å vårast!


Horndalsnuten (1461m)
Formiddagstur til Horndalsnuten frå Skaftedal. Møtte Audun på toppen. Me skrei i le for austavinden ned elvadalen mot Skykkjeset der det vart kakao-pause i hytta til Audun.



Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Guida tur til Ingebjørgnuten i kraftig austavind og snøfokk - men alle kom seg til topps! Nedkøyring til Stokkseldalen der me fant nokre lommer med fint føre.







Kolingseggi (971m)
Rute: Lemme - Skjevlingen - Kolingseggi - Liaset - Lemme
I dag vart randoski bytta ut med fjellski. Kjempefin rundtur i nydeleg vær og tilnærma vindstille, og min fyrste fjellskitur på fleire år.



Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Kveldstur til Ingebjørgnuten via Verkedalsnuten. Måneskin og strålande slushføre - ein litt uvanleg kombo. Den milde vinden gjorde til at det hverken vart skare eller sugeføre, men perfekt slush frå Nonfjell og heile vegen nedatt til parkeringa!





Kristinuten (901m) frå Tunheim
Varmt i sola, kunne gå i kortarma ulltrøye opp til Jonstøl. Pudder øvst og slushføre i skogen.




Kristinuten (901m) frå Tunheim
Med jobbdag i Ulvik var det fint å kunne nytte dei siste ettermiddagstimene i sola. Flott føre over tregrensa. Skrei fyrst ned vestflanken i retning Ulvik, og så nordflanken til Jonstøl i siste rest av kveldssola.





Eg og Audun på ettermiddagstur til Nesheimshorgi frå Medås (via Nautastien).





Ettermiddagstur til Smøreggi i nydeleg solnedgang





Velkesfjellet frå Haugseåsen.



Velkesfjellet frå Haugseåsen. Perfekt pudderføre øvst og slush lenger nede.

