Kinsarvik - Husedalen - Stavali (t/r)
Når det er varmt i været og snøsmeltinga er stor må dette være ein av dei aller finaste turane i Hardanger, med dei fire spektakulære fossane og flott gammel furuskog opp langs stien. Ein forfriskande og kjølande spray frå fossen kom ekstra godt med i dag. Tørre stiar og svaberg, og tilnærma snøfritt heilt inn til Stavali.
Stavali
Etter turen vart det eit langt og avkjølande bad i Granvinsvatnet, målt til 17°C!
↑1140m 16,5km
Onen (1621m) frå Austdølnutvatnet
Starta grytidleg på morgonen i dag og var nær ved å gløyme att skiene heime, men tok heldigvis ein ekstra sjekk før avreise.. Stod på toppen kl 08 og vart belønna med perfekt slusjføre. To nedkøyringar, ein frå toppen av Onen og ein frå fortoppen.
Eit par hjortar dukka opp rett før soloppgangen over Espelandshøgda
Snøspurv
Kveldstur t/r Angerskleiv
Telttur og fisketur til idylliske Vetlavatnet og Maovatnet.
Fin ettemiddagstur til Vikedalsnebbet, Ålvik sitt svar på Trolltunga.
Vikedalsnebbet | Foto: Sigve
Tur til Svortetjørn (Velkesfjellet) frå Hedler, så bratt nedatt til Vatnasete. Kjempefin rundtur med flott fjordutsikt langs store deler av ruta.
Panorama Vatnasete
Maovatnet-Fuglavatnet-Vatnasetevatnet. Starta med å fiske i Maovatnet der det vart fangst allereie på første kastet. I Fuglavatnet og Vatnasetevatnet derimot var det ikkje eit napp å få.
Maovatnet sett frå stien opp mot Fuglavatnet
Fiske- og telttur. Planen var å slå opp teltet ved Fulgavatnet, men med kjempebra kveldsfiske i Maovatnet var det like greit å bli værande der.
Kajakktur i Stokkavatnet og Espelandsvatnet
Kortvarig kajakktur i Espelandsvatnet som resulterte i ein liten 200-grams på spinner, før det vart full spinn også på gøtten.
Telttur og fisketur til Espelandsvatnet. Eindel vak og napp, men ingen som ville bite på. Sannsynligvis altfor fint fiskevær.
Ettermiddagstur til Seljenuten frå Hamre.
Eit teppe av kvitveis langs stien
↑970m 16kmOnen (1621m) frå Osafjellet
Guida tur til Onen frå Austdølavatnet. Litt skodde og vind på toppen, men ellers svært varmt, nydeleg vær og triveleg selskap! Våt snø pga varmen, så det vart begrensa fart på nedkøyringa i dag.
↑705m 19km