Storeflåtten (1616m) frå Ringøy
Med flotte værmeldingar og stigande lufttemperatur frista det med ein ny telttur høgt til fjells. Slo opp teltet med utsikt rett mot majestetiske Storeflåtten like før sola gjekk ned, og starta på ski tidleg neste morgon for å få maksimalt føre nedatt frå toppen. Fantastisk flott tur både på ski og til fots opp dalen.
Utsikt mot majestetiske Storeflåtten
Måneskin over Oksen (til venstre i bilete)
Storeflåtten 1616m
Bjotveitdalen
Ølkono og Rannveigkleiv..?
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Telttur til Vindhovden og vidare til Oksen i strålande vær og føre. Ein tur på kvelden og ein neste morgon. Blikkstille på toppen på begge turane!
Foto: Sigve
Foto: Sigve
Sogndalseggi (1384m) frå Fjærland
Slo opp teltet med utsikt austover mot Fjærlandsfjorden. Planen neste dag vår å gå opp til Frudalshesten, men med ustabil snø og høg lufttemperatur korta eg inn turen og la om ruta nordaust frå Vetlebotn mot Sogndalseggi.
Kveldshimmel over Fjærlandsfjorden
Oksen (1241m)
Rute: Hamre - Seljenuten - Oksen (1241m) - Nuten - Hamre.Flott rundtur med nedkøyring frå toppen nord til Nuten (ca 600moh). I dag vart det like mange høgdemeter på ski som til fots. Den stupbratte stien ned frå Nuten er greit tilrettelagt med tau, trepper og 10-12 stiger, slik at høgdemetrene nedatt er effektive (så lenge ein har skiene høgt festa på sekken for å unngå at dei tar nedi..)
Joggetur i Bømoen med Sigve. Årets varmaste dag så langt. ↑1080m 11,5km
Horndalsnuten (1461m) frå Skiple
Flott tur frå Skiple opp Horndalen til Horndalsnuten. Uten nattefrost og med høg lufttemperatur kombinert med søkkvåt nysnø var ikkje føret mykje å skryte av. Men ein fin tur vart det likevel, og sola dukka fram fleire gonger på turen opp. Shortsvær heilt til topps!Våtskred nord for toppen.
Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots frå Hamre til Seljenuten, så vidare på ski til toppen. Slapp meg fyrst ned flanken søraust mot Oksastølen. Bra snø heilt ned til 900moh, men sidan denne "bollen" er rett solvendt gjekk det fort over til våt snø og kraftig sugeføre lenger nede. Deretter Oksebrekkene i strålande slusjføre. På den siste nedkøyringa skrei eg rett nord mot Nuten, kanskje dagens høgdepunkt og kjempeflotte forhold heilt ned til stølen. Så til fots med ski på sekk ned den svært bratte stien til Hamre. Ein fantastisk flott tur og vårdag!
Eit teppe av kvitveis opp stien til Seljenuten
Oksebrekkene i vårslusj
Paraglider rett over Oksen
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen
Kveldstur frå Skaftedal over Tingsteinen/Memorehaug til Horndalsnuten. Bra slusjføre ned frå toppen, men litt flatt lys i starten, så det gjekk i sneglefart dei fyrste 2-300 høgdemetrene. Varmt og ikkje eit vindpust, så kunne gå i kortarma ulltrøye heilt opp!
8km
Joggetur i Bømoen med Sigve. Grått, vått og kjølig.
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Kveldstur til Ingebjørgnuten i svært uforutsigbart vær. På dei to timane eg var på tur veksla det fleire gonger frå fullstendig tilskya og snøbyger, til blå himmel og sol..Nydeleg solnedgang frå toppen, og mjukt jamnt lag med fokksnø på heile nedkøyringa.
Kveldstur frå Liaset over Strutseggi til Stavaskarsnuten. Samme veg tilbake. Bra føre på den siste nedkøyringa frå Strutseggi, ellers litt vindpåvirka snø og flatt lys. Både yr og storm bomma på værmeldingane i kveld, så me slo fort ifrå oss planane om å fortsette til Olsskavlen.
Olsskavlen sett frå Strutseggi
Foto: Audun Brekke
Ned frå Strutseggi med Espelandsdalen i bakgrunnen | Foto: Audun Brekke
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
To nedkøyringar i flott solnedgang og strålande føre. 5-10cm jamnt pudderføre nesten heilt nedatt til parkeringa!Film: Audun Brekke
Puddersvingar i kveldssol | Foto: Audun Brekke
Foto: Audun Brekke
Oksen (1241m) frå Stokksel
Sein ettermiddagstur til Oksen (1241) frå Stokksel. Over Ingebjørgnuten begge vegar. Møtte Jean-Cristophe, Carlos og Marte ved Oksetjørn, så slo følge med dei på resten av turen. Og Audun dukka opp på toppen av Ingebjørgnuten på veg tilbake. 10cm jamnt pudderføre ned den flotte flanken frå toppen! Vinteren vil visst ikkje sleppe heilt taket enno..
10cm maipudder ned frå toppen av Ingebjørgnuten | Foto: Audun Brekke
Stisykling i Nesbyen
Klara og William i @_any_excuse_to_ride (www.anyexcusetoride.com) tilbyr turar med dyktige lokalkjente guider og shutling i Nesbyen, kanskje Norges beste destinasjon for bratt terrengsykling, med god blanding av flyt- og tekniske stiar.Klara og William kjenner kvar meter med sti i Nesbyen og tok oss med på nokon av sine favorittar. Takk for flotte dagar!
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Litt mjuk skaresnø heilt øvst, men med kontrollerte "hoppesvingar" vart det god flyt på nedkøyringa. Etterkvart gradvis bedre føre og strålande slusj vidare mot Skykkjeset, så me tok derfor ei ekstra nedkøyring frå fortoppen (1236m). To fjellryper dukka opp rett framfor oss på tur nummer to, i kveldssola, og lot seg villig fotografere på nært hald!Film: Audun Brekke
Foto: Audun Brekke
Fin ettermiddagstur til Ådnagavlen (422m) med Sigve!
Ettermiddagstur til Sogndal med eit par stirundar i Kaupangerskogen.
Meterhøge brøytekantar over Vikafjellet
Midtfjell (1250m) frå Stokksel
Kveldstur til Midtfjell der var me var heldig med å time solnedgangen frå toppen. 5cm nysnø over 900moh og overraskande bra pudder/slusj, og ikkje skorpeføre som det ofte kan bli utover kvelden. Våt og råtten vårsnø vidare innover i skogen. På den siste kilometeren måtte me av og på med skiene minst 10 gonger for å komme oss over bekker og våte partier, før me var framme ved parkeringa på Stokksel. Filma heile nedkøyringa med hjelmkamera, men sjølvsagt med beskyttelsesdekselet godt plassert framfor linsa...Mobilfoto:
Sola bryter gjennom skydekke rett før toppen
Solnedgang frå toppen. Foto: Audun
Ein herlig miks av nysnø og slusj nedover mot Stokkseldalen | Foto: Audun
Sørfjorden og Ingebjørgnuten i bakgrunnen | Foto: Audun
Foto:Audun Brekke
Bilde-Nesheim. Samme runden som i går.
Bratt opp bakkavegen frå Nesheim til Bilde og nedatt stien.