Opp lia til Njuk og nedatt skogsvegen



Kveldstur til Nipahøgdi frå Viermyr
Flott tur i strålande slush og gode snøforhold! På Osafjellet er ikkje vinteren heilt over enno..




Listastrendene
Telttur langs kyststien på Lista - ein av dei få plassene langs sørlandskysten der ein får sett solnedgangen over havet i vest.




Flekkerøya Vest.
Fin runde på svaberg og skogssti. Starta med sykkel, heilt til kjede rauk tvers av, så fortsatte på joggesko ut til dei mange viker og nes.









Sykkeltur langs Kyststien i Stavern




Ned frå Gruveåsen til Kongsberg på ein god mix av flytsti, sva- og bratt skogssti.

Kajakktur langs vestsida av Fyksesund, der fossane kjem på rekke og rad heile vegen frå Porsmyr til Botn.


På gamlevegen over Angerskleiv til Ulvik. Tilbake om Espelandsdalen.




Opp via Skjervet til Skår og vidare til Skeiset. Fin rundtur!




Eit par stirundar i Bømoen og over Storåsen.

Fin sykkeltur frå Utne til Herand, tvers igjennom små gårdar og mellom blømande fruktre, og på idylliske vegar med nesten ingen trafikk.




Husedalen frå Kinsarvik
Fyrst på sykkel opp grusvegen, så vidare på joggesko i stien oppover den frodige Husedalen. Starta seint på ettermiddagen når snøsmeltinga var sterkast.







Packraft Storelvi
To turar med packraften ned Storelvi i Øvre Granvin. Starta frå Klyve og kunne padle sammenhengande dei 5 kilometrene ut til Granvinsvatnet. Utruleg moro, og akkurat passe stor vassføring no i snøsmeltinga.






Oksen (1241m.) frå Stokksel (over Ingebjørgnuten begge vegar) Starta ikkje før kl 18 og var heldig og traff maksimalt på både vær og føre.








  ↑680m
Nuten frå Hamre



Rundt Holven - Fletena, så vidare opp til Haugseåsen og på sti heilt nedatt til Hausnes/Granvinsvatnet.



Storeflåtten (1616m) frå Bu
Kjempeflott (eller kjempeflått) formiddagstur til Storeflåtten via Bunuten og over Akslafjellet, med nedkøyring i den store nordaustflanken mot Vatnasetevatnet - slik at det vart ein fin rundtur. Storeflåtten er eit av dei mest markante fjella på Hardangervidda og ligg omtrent midt imellom Folgefonna og Hardangerjøkulen, med utsikt langt innover vidda på godværsdagar som i dag.










Rundt Granvinsvatnet med diverse avstikkarar på fleire fine stiar og grusvegar, bl.a opp den nyrydda stien til Steingrimsteigen.

Rute: Åsen-Birje-Øydve-Tunheim.
Fin rundtur i Ulvik med div avstikkarar. Mest grusveg, men og nokre parti med fine sti- og kjerrevegar.




Sesongens fyrste tur med stisykkelen - i kveldssol og fine forhold. Fyrst opp til Velken og på stien som går parallelt med Granvinsvatnet ned til Hausnes, så t/r Hamre.




Mjølfjellet (1470 moh)Leif-Johan inviterte på ettermiddagstur til Mjølfjell. Me gjekk i variabel sikt på veg opp, men akkurat i det me nærma oss toppen letta skydekket. Litt ymse føre nedatt, men nokre lommer med fin pudder frå toppen. Mjølfjellet byr på fin nedkøyring i nesten alle himmelretningar, så her blir det nok ny tur når forholdene er bedre.






Oksen (1241m) frå HamreDen tradisjonelle 1.mai-turen til Oksen var gjennomført i år og, i sol frå blå himmel! Skrei fyrst ned austflanken til Oksastølen i strålande føre. Så oppatt til toppen der eg møtte på Audun m.fl. No hadde den nordvendte sida også rukke å tine opp, så skrei nedatt i retning Hamreelva heilt til siste snøflekk som var å oppdrive.







