JUNI 2021

        
Fisketur til Stokkavatnet for å teste den heimesnekra packraft-fiskestangholdaren, før eg tek meg nokre dagar på Hardangervidda.

        
Kveldsfiske i Håtjørn og Krokavatnet.

      ↑1320m    13km
Oksen (1241m) frå Hamre
Via Seljenuten begge vegar. Kjempefint å kunne springe på tørre svaberg og sti ned frå toppen, for så å hoppe rett ut i fjorden for eit avkjølande bad.
      ↑820m    13,5km
Espelandsdalen - Geiturdi - Kvasshovden (1030m) - Ulvik
Ettermiddagstur i strålande vær over Kvasshovden (1030m) - frå Espelandsdalen til Ulvik, der det vart eit avkjølande fjordbad, og is ved bryggekanten.
      ↑950m    18km
Kveldstur til Velkesfjellet (938m)
Opp Vindalsvegen til Hedler og til Velkesfjellet. Frå Velkje og heile den neste timen til toppen hadde me selskap av ein sverm med hundrevis (føltes meir som tusenvis..) av svært innpåslitne fluger...

        
Flotte dagar med fiske i Granvinsvatnet (både frå kajakk og båt), noko som resulterte i ein kilosaure og ein på 2,3kg.
      ↑1510m    19km
Ingebjørgnuten (1210m) og Midtfjell (1255m)
Flott formiddagstur til Ingebjørgnuten, så ned til Dalsete og på sti opp til Midtfjell og over Dosafjellet. Shortstemperatur og fine forhold, til tross for eit par regndropar siste halvdel av turen.
    14km 
Kajakktur rundt Granvinsvatnet, men kun ein liten ein iløpet av dei to timane med kveldsfiske.
     
Flotte dagar med stisykling og øyhopping i sørlandsskjærgården.
      ↑1190m    8km
Ruklenuten (1233m) frå Odda. Hadde eit håp om å kunne fortsette til Rossnos, men skodda låg tjukk vidare oppover.
      ↑500m    8km
Fin kveldstur til Øvstestølen med Magnhild og Ollie
      ↑1430m    18km
Grimsnuten (1233m) frå Utne
Kveldstur til Grimsnuten. På sykkel frå Utne ferjekai og inn Utnesdalen, så til fots bratt opp langs tørre svaberg til topps. Tilbake om Grimsvatnet/Grønaskar og ned skogsstien slik at det vart ein fin rundtur.
      ↑1220m    17km
Oksen (1241m) frå Hamre
Gjekk via Seljenuten begge vegar, men på turen nedatt tok eg den nymerka stien som går til Verkedalsstølen og bratt ned til Djupeviki. Så på grusveg tilbake til Hamre og rett på det faste kveldsbadet i Granvinsvatnet (målt til 19 grader!)
        
Dorgefiske på Maovatnet som resulterte i fem 200-grams fjellaure og eit stk fin-fin solnedgang.
      ↑550m    6km
Eg og Sigve på flott kveldstrim til Skamdalshorgi frå Bulko.
      ↑610m   8.5km
Kveldstur til Svortetjørn (Velkesfjellet) med packraften, ein superlett båt (kun 1,5kg) som er perfekt å ta med seg i sekken på fjellturar, og som kun tek nokre få minutter å blåse opp. Ikkje eit napp å få, hverken på kvelden eller tidleg neste morgon.
        
Hengekøyetur til idylliske Vetlavatnet, med fiske i Maovatnet og Fuglavatnet. Eit par fine steikefisk i Maovatnet. I Fuglavatnet fekk me 13 stk på ein liten halvtime, men snittvekta var ikkje stort meir enn knappe 100 gram.
        
Kajakktur i Granvinsvatnet og årets varmaste dag til no.