Hovdungavarden (1243m)
Tur til Hovdungavarden frå Li med spektakulær utsikt over Flåm, Aurland og Aurlandsfjorden. Etterpå vart det eit langt og avkjølande bad i fjorden.Sein kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m) med teltovernatting på toppen. Ikkje eit vindpust gjennom heile natta - akkurat som meldt! Våkna opp til ein fantastisk flott soloppgang kl 04 på morgonen.
 
Flotte (varme!) dagar i Capileira, Granada og Tarifa/Bolonia.
"Strandsykling" - kanskje den tyngste forma for sykling..
Tanger (Marokko) lyser opp i bakgrunnen
Joggerunde på grusveg og sti i Poqueira-dalen med utgangspunkt frå Capileira og utsikt ned mot alle dei små landsbyane i området.
Capileira er landsbyen oppe til høgre i bildet
Veleta i bakgrunnen
Sykla kjerrevegen som går opp mot Crestones de Río Seco (3128 m) der eg tok av på sti som går igjennom frodig landskap i Poqueira-dalen ned til den betjent hytta Refugio Poqueira (2500 m). Ein lang og flott dag i Sierra Nevada, der eg ikkje kom tilbake før sola hadde gått ned bak fjellene.
Pico de Veleta (3394m)
Flott langtur frå Capileira til Veleta på fantastiske stiar/kjerrevegar. Sykla fyrst på grusveg opp til Prado Liano der eg slo opp teltet rett før solnedgang. Blei vekt kl 06 neste dag av nokre geiter som kom og plasserte seg rett framfor teltet, så det vart ein heller tidleg start på turen vidare oppover. Ein av fordelene med å starte tidleg (foruten å unngå varmen og ein kø av turistar) er sjansen for å oppleve fugle- og dyrelivet på nært hald.
Før eg rakk å hente fram kamera hadde eg på eit tidspunkt seks ørn berre 10-15 meter over meg
Meisahøgda (1306m)
Fyrst bratt opp til Kjeåsen frå Sima, så vidare på betydeleg mindre synleg sti opp til Meisahøgda 1306m, fjellet som ruvar rett bak Kjeåsen.
Utsikt frå Kjeåsen og over til Øktarnuten som me var på i går
Øktarnuten (1284m)
Rett ovanfor Eidfjord sentrum ligger Øktarnuten, med flott utsikt innover Simadalen og Hardangerjøkulen. Me starta frå parkeringa i enden av Kvamsdalsvegen, gjekk over Ruvlenutane på turen opp, og fulgte stien langs dalen nedatt. Ein kjempefin tur, med maks uttelling på været!
Vetlavatnet t/r
Kveldstur opp Velkesvegen og vidare på bratt skogsveg til Hedler, så på delvis syklbar sti over til Litlastøl og til Vatnasete/Angerskleiv. Nedatt om Haugse. Kjempefin runde på tørre stiar, og varmaste dagen så langt i år.
Kyrelvfjellet (1404 moh) frå ViermyrStarta tidleg på morgonen og stod på toppen kl 7, i varmen frå sola som alt hadde rukket å komme høgt på himmelen. To nedkøyringar i perfekt slush.
Sykkeltur over gamlevegen frå Granvin til Ulvik, med innlagt ispause i sentrum. Så tilbake via Bergo - Angerskleiv. Kjempefin rundtur på artige stiar!
Kyrelvfjellet (1404 moh) frå ViermyrStarta tidleg på morgonen men måtte likevel over 1000m for å få bra slushføre. Skodde på toppen, men strålande sol på nedkøyringa. Her blir det nok fleire turar når vær og føre er bedre.
Opp til Velken/Notten og vidare til Vatnasete.