JULI 2023

    ↑640m   1t:10m  
t/r Angerskleiv

    ↑1820m   6t:30m 102km 
Rallarvegen (Flåm - Finse - Flåm)
Nydeleg tur på Rallarvegen. Starta utpå ettermiddagen og kunne sykle i varmen frå kveldssola på returen til Flåm.
    ↑980m     
Ramnanosi (1421 moh) i Aurland


    ↑870m     
Sykla deler av Kongevegen i Lærdal (Galdane, Vindhellavegen, Sverrestigen og gamlevegen over Seltaåsen, bl.a). Kjempefin rundtur på flotte stiar og historiske vegar.
    ↑1150m     
Fleire rundar på perfekte flytstiar i Kaupangerskogen, både aust og vest for sentrum.
    ↑640m   15km  1t:25m
Formiddagstur bratt opp traktorvegen frå Nesheim til Bilde og vidare til Olastøl. Nedatt om sykkelvegen.
    ↑570m   40km  1t:40m
Tur-retur Solsæ frå Holven
    ↑460m   18km 50min
T/r Vatnasete

    ↑460m   18km 50min
T/r Vatnasete

 
Multeplukking i søkkvått terreng i øvre-Granvin. Over tregrensa er det framleis litt for tidleg å finne modne multebær, men i solvendt skogsterreng er dei fleste klar til å bli plukka.
    ↑870m   12km  1t:50m
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel.


    ↑2300m   160km 8t:30m
Rallarvegen (Flåm - Haugastøl) t/r
Nydeleg vær og kjempefine forhold. Starta grytidleg på morgonen og møtte ingen heilt til eg nærma meg Finse, før det raskt vart klart at veldig mange fleire og hadde valgt å nytte denne finværsdagen på Rallarvegen.
På turen tilbake frå Haugastøl vart det ein lang og god pause på Oksabotn, der eg vart invitert inn på middag og dessert, før returen tilbake til Flåm.
    ↑720m   21km    2t:20m
Rute: Seim - Spildo - Dikje - Skår - Skjervet - Seim
    ↑490m   22km   1t:20m
Tur-retur Tveitovegen/Vetlavatnet og ein runde rundt Granvinsvatnet.

    ↑1480m   42km   4t:40m
Oksen (1241m)
Fyrst på sykkel til Eide og ut Hamrevegen til Selstad, derifrå på joggesko opp Fossdalen/Verkadalslia og vidare til toppen. Nedatt om Seljenuten og Hamre. Kjempefin rundtur!
    ↑1190m   24km 
Starta frå Granvinsvatnet og sykla fyrst opp til Velken, og fortsatte til fots til Hedler og over Velkesfjellet/Kvasshovden, før siste etappe på sti ned til Ulvik sentrum og direkte til eit avkjølande bad i fjorden.
    ↑490m   17km 
T/r Vatnasete

    ↑500m   22km 
Formiddagstur bratt opp bakkavegen til Skeisete med diverse avstikkarar, så på sti over til Skår og om Skjervet på turen tilbake.
    ↑580m   17km 1t:10
Tur-retur Angerskleiv
    ↑790m   20km 
Planen i dag var å sykle over på den T-merka stien til Folkedal, men rett etter at eg tok av frå Allmenningane fekk eg ei solid punktering i sidekanten av dekket. Med nytt slangeløst oppsett og uten medbrakt verktøy lot det seg ikkje gjere å reparere det..
Tilfeldigvis (og heldigvis!) fekk eg transport nedatt til Voss av eit par som skulle samme veg.