Seljenuten frå Hamre
Kveldstrim frå Hallanger bratt opp stien til Midtfjell (1250m). Nedatt til Stokksel (om Olsskar og Dosafjellet). Ein kjempefin tur!
Vrakrester under Disk frå flykrasjet i 1942
Foto: Endre Velken
Vakker kveldshimmel på turen nedatt mot Stokksel
Formiddagstur på nymerka sti frå Djønno til Stokkrå.
Stokkrå med Ingebjørgfjellet i bakgrunnen
↑1080m 19km
Velkesfjellet og Kvasshovden
Slo opp teltet mitt rett ved Svortetjørn like før solnedgang, og starta grytidleg neste morgon til Kvasshovden for å rekke soloppgangen. Blikkstille og varmt på toppen. Etter ein lang frukost tok eg turen nedatt til Svortetjørn for å prøve fiske. Mykje vak og innsektliv på vatnet, men lite bitevillig fisk.
Svortetjørn
Frukost i soloppgang på Kvasshovden
↑1590m 24km
Stokksel - Ingebjørgnuten (1210m) - Dalsete - Midtfjell (1241m) - Stokksel
Flott rundtur om Ingebjørgnuten og Midtfjell, to av dei finaste utsiktspunktene i indre Hardanger. Shortsvær heilt til topps!87km
Rute: Haugastøl-Krækkja-Hovden-Raudhelleren-Sandhaug-Hedlo-Hjølmo
Flott tur i variert landskap og storslått natur over Hardangervidda, frå Haugastøl i aust til Hjølmo i vest.
Halnekongen
Solnedgang ved Raudhelleren
Fastbuande på Raudhelleren
Lange og mange moreneryggar på etappen mellom Sandhaug og Hedlo
Årets fyrste moltetur resulterte i eit par håndfulle molter (og litt blåbær og markjordbær).
↑1370m 29km
Vassfjøro (1633m) frå Sotenos/Solsæ
Starta grytidleg frå Sotenos, før soloppgang og før sola hadde gjort snøen opp mot toppen for blaut å gå på. Stod på Vassfjøro klokka 09, til morgonfrukost og kaffi - med panorama fjellutsikt. Det er fyrste gong eg har gått denne turen der eg kunne skri sammenhengende på rumpa frå toppen og heilt ned til "Skaret"(ca 1200moh). Flott tur i nydeleg vær!
Morgonfrukost med langstrakt utsikt
Jonstøl
↑450m 7km
Jonstøl frå Ulvik
↑810m 9km
Rute: Såkvitno-Njuk-Vatnadalen-Krokavatnet-Lyklaset-Bulko
Fin tur frå Såkvitno over fjellet til Bulko. Me gjekk i tett regnvær fyrste timen opp lia til njuk (noko som resulterte i søkkvåte sko resten av turen). Sola (og varmen) kom etterkvart fram, og skyene letta litt i det me passerte idylliske Vatnadalen og Krokavatnet.
↑1630m 19km
Holmaskjer(1562m) frå Tokheim
Sein kveldstur til Holmaskjer frå Tokheim i Odda. Kom meg ikkje på toppen før midnatt, men vart belønna med nydeleg solnedgang og måneskin på turen opp. Etter eit par timar pause på toppen hadde det frosset på, og snøen var betydeleg lettare å gå på nedatt. Blåtime og soloppgang i morgontimane. Sykkelen hadde eg satt ifrå meg nede ved Støladalen, og derifrå var det berre å trille nedatt Keiserstien dei siste 900 høgdemetrene til parkeringa.
Spor opp (høgre) og ned (venstre)..
↑590m 7,5km
Opp Horgastien til Horganipen (1065m), eit av dei flottaste utsiktspunkta over Granvinsvatnet. Me bomma litt med timinga på toppen i dag, nede att ved Håtjørn klarna det plutseleg opp og sola kom fram.
Foto: Audun Brekke
Håtjørn
8km
Flott tur på gamle vegar og stiar; Jørdre - Kolskår - Skaftedalen.
↑680m 10km
Bratt opp Lia på den nymerka stien/gamlevegen til Njuk, så nedatt traktorvegen. Regnfullt og vått!
↑930m 18km
Sykla til Velken og opp skogsvegen til Heller (der eg møtte på Magnhild og Ollie), så vidare til fots til Lyngerstjørn og tilbake om Vardhellerane, eit fin-fint utsiktspunkt over fjorden og Granvinsvatnet!
Klemmeforbudet er oppheva på Velken
↑1080m 16km
Onen (1620m) frå Austdølvatnet
Med rapportar om nysnø i høgfjellet og gode værmeldingar utover kvelden blei fristelsen for stor, og skiene vart henta fram att!Minst 20-30cm nysnø frå parkeringa og heilt opp, og fortsatt såpass bra såle at det lot seg gjere å gå sammenhengande uten å ta av skiene. Litt gjennomslagsføre under 1200moh, men tørr snø og strålande føre vidare oppover mot toppen. I staden for å følge brearmen gjekk eg bratt opp sørvest for Kvilingavatnet. Denne ruta kortar inn turen litt, samtidig som ein får langt bedre nedkøyring på veg tilbake. Starta turen i tjukk skodde og overskya, men fire timar seinare (i det sola gjekk ned) var det knapt ei sky å sjå på himmelen!
Onen 1620m
Nydeleg solnedgang over Vassfjøro
Vakkert bølgeforma mønster i snøen
Fortsatt bra med snø nede ved parkeringa (ca 950moh)
Kveldshimmel over Osafjellsvegen
Kveldstur t/r Hedler og Vatnasete