Midtfjell (1255m) frå Hallanger







Espelandsvatnet og Espelandsfossen
 
Fisketur til Espelandsvatnet som resulterte i fem fjellaure
  30km
Helgetur til Sandhaug


Oksen (1241m) frå Hamre (via Seljenuten)
Ein av mine finaste kveldsturar til Oksen - tørre svaberg og stiar å springe på, og ikkje eit vindpust på toppen.






Inn frodige Tyssedalen til Tyssedalstølen og vidare opp til Stol (807m.)




Tidleg formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel.


Gjerikje - Haugse - "Utsiktspunktet"

Kvasshovden (1030m) frå Espelandsdalen i eit par timar morgonsol.

Kveldstur til Oksen (1241m) frå Hamre via Seljenuten. Varmt og vindstille.


Rossnos (1407m)
Gjekk den vanlege ruta via Freimsstølen på veg opp, og så nedatt neste morgon via Ruklenuten til Mannsåker slik at det vart ein fin rundtur.









Starta med å sykle til Vatnasete og over gamle postvegen til Ulvik der det vart is- og kaffepause i sentrum, òg byte til tørre klær etter søkkvåt sti ned frå Angerskleiv til Furesete. Så opp til Vestrheim og på bratt skogsveg mot Vestrheimskleppe. Nedatt på traktorveg til Aurdal og tilbake om Espelandsdalen.


Oksen (1241m)
Rute: Hamre - Rindarnuten/Vindhovden - Oksen (1241m) - Seljenuten - Hamre.Fin rundtur med middagspause på toppen.



Sykkeltur t/r Angerskleiv. Møtte på ein rev rett før Vindal som kom ruslande - før den plutseleg oppdaga meg og sprang til skogs..
  ↑650m 5,5km
Kveldstur til Horganipen (1035m) via Horgastien
  ↑1150m 9,5km 2t:55m
Midtfjell (1255m)
Starta frå Hallanger og fulgte eit sauetrakk bratt og luftig opp fjellsida før den ender i litt klyving/klatring siste 50 høgdemetrene i skaret opp mot toppen. Så nedatt normalruta/stien. Først eit avkjølande bad i vatnet på toppen og så eit til rett under Disk. Fantastisk flott og varm start på juli måned!




