JANUAR 2022

     ↑540m   6km  
Nonfjell
5-10cm nysnø og kjempeflott føre. I kveld kunne me ta fine puddersvingar i relativt god fart ned fjellsida - uten å frykte for å treffe i stein og stubbar.
     ↑630m   7km  
Stavaskar frå Liaset
Gårsdagens uvær har lagt att eit solid påfyll med snø. Litt ufordrande føre, så me snudde ved Stavaskar og tok heller ein lang pause i sola i hytteveggen på Olavstøl.
     ↑920m   10km  
Strutseggi (1137m) frå Liaset/Espelandsdalen
Flott morgontur i soloppgang til Strutseggi. Bra pudderføre under tregrensa og ellers langt bedre forhold enn forventa. Etter ein snøfattig vinter så langt er det no lys i snøtunnelen!
     ↑450m    
Ny kveldsøkt i lia opp mot Fennanuten.
     ↑470m    
Fennanuten frå Skaftedal. Flott vinterstemning med 10-15cm tørr nysnø opp mot toppen.

     ↑260m   13,5km  
Joggetur t/r Hamre før måndagsbadet i fjorden - målt til kun 1°C i dag.

     ↑1270m    
Bavallen - Hangurstoppen, Bavallen - Slettafjellet. 2-3cm nysnø.

     ↑470m    
Tingsteinen frå Skaftedal. Bedre snøforhold i skogen enn frykta.

     ↑680m    
Nonfjell (860m) frå Stokkselvegen. Korte glimt av fullmånen.
     ↑910m    
Formiddagstur til Horndalsnuten frå Skaftedal. Avblåst og isete i høgden, så snudde på 1250m. Fin pudder i bjørkelia ned frå Skykkjeset.
Havørnen vart jaga vekk av to kråker over Granvinsvatnet:


     ↑1130m    
Bavallen - Hangurstoppen x 2
5 cm nysnø og flotte forhold i løypa!
     ↑1160m   15,5km 
Midtfjell (1255m)
Ettermiddagstur til Midtfjell frå Stokksel, tilbake om Troppefjellet og Dosafjellet. «Gyda»s herjingar har ført til utfordrande (elendige) snøforhold heilt til topps. Vurderte fleire gonger å snu, men det fine ettermiddagsljoset motiverte til å nå toppen i dag.


     ↑1060m   14,5km 
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokkselvegen.
Flott tur til tross for ein labyrint av buskar og kratt i minimalt med snø frå Nonfjell. Kom akkurat opp til siste minuttene av solnedgangen frå toppen. Skrei ned mot Stokkseldalen der det låg eit jamnt lag med mjuk fokksnø i leområdene. Vidare i flott pudder siste del av skogen mot Stokksel. Med dei værmeldingane som er meldt framover er det stor fare for at neste tur til Oksenhalvøya blir til fots..utan ski på beina.
     ↑900m    
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen.
Både yr og storm bomma fullstendig i dag, så sola som var meldt vart erstatta med lette snøbyger. Snudde rett før toppen. Strålande føre, men litt meir vindpåvirka enn forrige tur.

     ↑940m    
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen
Kveldstur til Brattenuten frå Espelandsdalen i 40cm pudder heilt til rett under toppen. Meir snø enn forventa og perfekt føre for breide pudderplankar. Ikkje eit vindpust.
Fekk følge av eit ekorn på starten av turen i dag:






     ↑230m  15km  
Skitur tur-retur Solsæ frå Drevtjørn. Snøtunge tre og flott vinterstemning.
     ↑730m    
Reisleskar og Fennanuten frå Skaftedal
30-40cm nysnø og kjempefine forhold!

     ↑320m   15km  
Joggetur tur-retur Hamrevegen med Audun, før årets fyrste fjordbad.

     ↑1130m    
Bavallen-Hangurstoppen x 2