Hamre-Oksen(1241m)-Oksebrekkene

Ettermiddagstur frå Hamre til Oksen via Seljenuten. Tre nedkøyringar frå toppen ned vestflanken/Oksebrekkene i flott slushføre, kun sugeføre nederst der det flatar ut. Retur til Hamre, ned til absolutt siste snøflekk som var å oppdrive.
Nedkøyringa mot Hamre er minst like flott som Oksebrekkene, og sidan den siste delen ligg nordvendt kunne eg stå på ski heilt ned til 450moh. Varmt og shortsvær opp lia, men måtte på med både dunjakke og langbukse på toppen. Den kjølige vinden senka den effektive temperaturen veldig heilt øvst i dag.