Gråsidetoppen

Fridag med sol frå blå himmel.

Tok turen grytidleg til Osa for å gjere eit forsøk på Onen med håp om å rekke soloppgangen over Hardangergjøkulen.., mén det vart bomtur. I motsetning til for ei drøy veke sidan, så var heile Osafjellsvegen no dekt av eit tynt snø-/islag.. og det frista derfor lite å gå til fots den fyrste timen for så å ta skiene fatt.
Køyrde derfor tilbake over Ulvikahøgda, litt skuffa over at det ikkje vart noko tur på Osafjellet.. men tok ein fin liten pause ved Stokkavatnet der ein svanefamilie på 6 såg ut til å storkose seg i sola.
-
Føret i fjellet er no heilt på topp. Det vart ein kveldstur frå Tillung til Gråsidetoppen (1307m) på Voss. Litt avblåst dei 100 øverste høgdemetrene, men perfekte forhold dei (nesten) 900 høgdemetrene vidare ned mot Tillung. Flott utsikt frå toppen mot Vossabygda som bada i sol frå blå himmel!