↑820m 12km Smøreggi og Håtjørn
Morgontur frå Medås til Smøreggi og Håtjørn. 30cm perfekt pudderføre! Vindfullt og ustabile snølag (i alle vindretningar), så i dag var det best å halde seg i slakt skogsterreng.
(ski-/trugetur) ↑1190m 27km Trolltunga - dag 2
To flotte dagar med ski- og trugetur til Trolltunga i nydeleg vær og triveleg selskap!
(ski-/trugetur) ↑1190m 27km Trolltunga - dag 1
↑510m 7km Medås - Smøreggi.
↑510m 7km Medås - Smøreggi. Nye 20cm fjørlett pudder! Utruleg fint opp gjennom den snøkledde granskogen frå Medås. Stjerneklart og vindstille.
↑2020m 25km Ingebjørgnuten x 2
Ein tidleg morgontur og ein formiddagstur til Ingebjørgnuten frå Stokkselvegen. Botnlaust med snjo i Nonfjellsskogen og mjuk fokksnø over tregrensa. Pga skodde heilt øvst fekk me desverre ingen fjordutsikt frå toppen i dag, men humøret var på topp likevel.
Den fyrste turen i svakt morgonljos
Winter wonderland
↑490m 5km Stokksel-Nonfjell. Enorme mengder nynsnø har komme på kort tid! Noko som lover bra for morgondagen.
↑890m 12km Rute: Skaftedalen-Memorehaugen-Byrseteggi(1025m)-Skaftedalen
Me tok fyrst ein tur til Memorehaugen med nedkøyring i bjørkeskogen til Skaftedalselvi. Så ein ny tur opp til Byrseteggi. Vindstille og nydeleg vær, sjølv om sola aldri heilt slapp gjennom skodda.
Foto: Jean-Cristophe
Foto: Jean-Cristophe
↑940m 14km Taskjelle - Nesheimshorgi (1133m)
Starta i regn og tung snø i skogen frå Taskjelle til Håtjørn i morgontimane. Vurderte ei stund å snu i det skodda kom sigande inn, men så plutselig klarna det opp og sola kom fram - akkurat i det eg nærma meg toppen! Fantastisk dagsfersk pudderføre ned frå toppen og vidare ned Nautastien. Litt våt snø under 600moh, men ikkje merkbart sugeføre.
På veg opp Nautastien, akkurat i det sola kjem fram
Nautastien del 1/3
Nautastien del 2/3
Nautastien del 3/3
↑760m 9km Tidleg formiddagstur til Strutseggi (1133m) frå Liaset.
Kanskje vinterens flottaste pudderdag til no. Vakkert lys i morgontimane opp mot Olavstøl. Fløyelsmjukt nysnjoføre heilt til topps!
Olavstøl / Foto: Tor-Einar N. Wahl
Foto: Tor-Einar N. Wahl
Strutseggi (1133m) med Solsævatnet (til venstre) og Kjerringafjellet (til høgre) i bakgrunnen / Foto: Tor-Einar N. Wahl
Foto: Tor-Einar N. Wahl
↑850m 12km Formiddagstur til Ingebjørgnuten (1210m).
Kom akkurat opp i det tåka letta og sola kom fram. Djup pudder ned frå Nonfjell, vindpåvirka og fokksnø vidare oppover. Flott på på toppen i dag, nesten ikkje eit vindpust.
↑400m 5km Stokksel - Nonfjell i rundt ein meter med nysnjo!
↑500m 6km Bavallen-utforløypa. Eit solid og etterlengta påfyll med snø i kveld - minst 30cm i utforløypa.
↑920m 9km Oksen (1241m) frå Tjoflot
Ettermiddagstur frå Tjoflot til Oksen. Nesten fritt for snø rundt stølen på Vindhovden, så me måtte gå eit lite stykke vidare før me kunne ta på oss skiene. Jamnt og fint skareføre opp fyrste del av Oksebrekkene og antydning til slusjføre (om ein legg godvilja til..). Kombinasjonen kulde, mildvær, regn og vind hadde ført til isdannelser/istapper vidare oppover mot toppen. Eit fascinerande syn.. og sjølv med skarejern var det tidvis utfordrande å komme seg opp den siste bratte kneiken.Etterkvart la det seg eit tjukt skoddehav over Hardangerfjorden i det sola gjekk ned. Stemningsfullt og vakkert med fullmånen på veg opp over toppen og solnedgangen i skoddehavet på turen nedatt!
Begrensa med snø ved Vindhovden
Oksen (varden) i bakgrunnen. Kombinasjonen med mildvær og kuldegrader har ført til isdannelsar på toppen
Foto: Robert
↑1010m 18km Lønahorgi (1410m) frå Tråstølen
Ettermiddagstur til Lønahorgi rett etter jobb. Nådde akkurat i siste rest av solnedgangen ved Horgaletten. Nystrigla løyper heilt opp og strålande nysnøføre i sporet nedatt!
↑920m 12km Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten. Nydeleg vær den første timen opp mot Nonfjell før vinden bestemte seg for å øke i styrke. Likevel heilt greit føre nedatt med mjuk fokksnø oppå skaren.
↑850m 10km Strutseggi frå Liaset
Møtte tilfeldigvis Audun på parkeringsplassen og han hadde samme turplan som meg i dag. Stort sett bra føre heilt opp, men litt meir vindpåvirka enn det har vert dei siste par dagane.
Foto: Audun Brekke
↑1450m 16km Horgaletten frå Bavallen
Plutselig væromslag i ettermiddag med opplett, kuldegrader og rykande fersk nysnø, akkurat som yr og storm hadde meldt. To turar til toppen. Flott solnedgang, stjerneklart og måneskin.