FEBRUAR 2019

      ↑1020m   11km  3:30t
Frå Hamre til Seljenuten og halvvegs opp mot Oksen. Snudde då det var for lite snø til å forsette. Denne sesongen blir det nok neppe Oksen-tur, iallefall ikkje om forholdene endrer seg drastisk. Kraftig nordlysaktivitet over himmelen på turen nedatt frå Seljenuten, rett før kl 20.

      ↑1790m   24,5km  5:15t
Skaftedal-Skykkjeset-Horndalsnuten(1461m)
To nedkøyringar frå toppen ned dalen mot Steinhytta og Skykkjeset. Herlig slushføre nedatt til stølen! På den fyrste turen var me maks heldig og kom opp omtrent i det minuttet skodda forsvant. På neste tur hadde me forhåpning om å treffe på solnedgangen, men skodda la seg tjukk over toppen og føré vart heller ikkje like bra.

      ↑890m   12,5km  2:50t
Stokksel-Ingebjørgnuten(1210m)
Uvanlig varmt og uvanlig lite snø, spesielt opp i skogen mot Nonfjell. Fint nedatt mot Stokkseldalen.

      ↑1190m   17,5km  3:20t
Stokksel-Dalsete-Midtfjell(1255m)
Perfekt slushføre og litt meir snø enn frykta ned vestflanken frå Midtfjell mot Stokkseldalen. Nedkøyring i vakker solnedgang. Vidare ned mot Stokksel er det no så snøfattig at ein snart kan gå til fots..

      ↑890m   12km  2:30t
Stokksel-Verkadalsnuten(1052m). Fascinerande lite snø over heile Oksenhalvøya, og solid snøsmelting heilt til topps. Ikkje mykje som minner om februar.


Ettermiddagstur til "utsiktspunktet", frå Haugseåsen

      ↑400m   4km  1:20t
Plutselig kom vinteren med eit solid påfyll med snø. Gjekk i 40-50 cm djup pudder frå Ystås, opp under kraftlinja og vidare eit stykke mot Smøreggi.

      ↑750m   8km  1:45t
Stokksel-Nonfjell. Nedkøyring i den åpne furuskogen litt vest for Nonfjellshytta

      ↑850m   10km  2:00t
Stokksel-Verkadalsnuten. Flott fargespel på himmelen i solnedgangen over Hardangerfjorden. 10-15cm fersk nysnø og flotte forhold ned frå Nonfjell. Heile Oksenhalvøya har uvanlig lite snø for tida.. og ovanfor tregrensa må ein gå sikksakk mellom stein og berg for å komme fram.. men slapp heldigvis unna påfyll med nye riper denne gongen.

      550m   5km  1:30t
Skaftedal-Fennanuten. Vindfullt og tett snødrev på toppen, men artig "skogsslalom" i fersk pudderføre nedatt til Skaftedal.

      ↑640m   7,5km  1:25t
Tur frå Liaset (Espelandsdalen) til rett oppunder toppen av Strutseggi. Fint føre, men vidare oppover såg det temmelig avblåst ut.

      ↑1140m   12,5km  3:05t
Nesthus-Rapjahalsen (1128m)
Fantastisk flott ned "elvedalen", litt vest for ruta me fulgte opp. Der ligg snøen framleis upåvirka av vind. Fløyelsmjuk pudder vidare nedover gjennom bjørkeskogen.

      ↑440m   6km  1:05t
Kveldstur frå Liaset/Espelandsdalen til lia rett ovanfor Olastøl. Mildt, med raskt nysnøføre nedatt.

  
Ettermiddagstur til eit av dei aller finaste og lettast tilgjengelige utsiktspunkta i Granvin.

      ↑1040m   17km  2:55t
Ingebjørgfjellet (1210m)
Ikkje heilt uventa var det både snøfattig, avblåst, skavlete og hardt frå Dalsete og opp mot Ingebjørgnuten. Iskald vind på toppen, så det vart kun ein kort pause, med litt etterlengta sol og fjordutsikt! Den beste delen av nedkøyringa i dag var i og utanfor scootersporet slakt nedatt frå Dalsete mot Stokksel.

      ↑370m   9km  1:35t
Frå Haugseåsen og i scooterspor til Vatnasete og vidare til Angerskleiv. Fyrste turen med tjukkassykkelen/snøsykkelen denne vinteren.