Kajakktur i Granvinsvatnet og årets fyrste for min del. Artig kajakktur der eg måtte padle gjennom ein labyrint av is for å komme meg framover.
Kjeåsen (530moh)
Heilt bart og fint opp stien frå Sima til Kjeåsen i dag. Møtte ingen turistar, men så er det heller ikkje så ofte denne ellers så populær stien er farbar til fots så tidleg som i februar.Holven - Heiane - Fletene. Fin rundtur i oppholdsvær og gløtt av sol.
Springetur på div stiar og grusvegar i øvre Granvin. Vått og grått.
↑580m 9,5km
Formiddagstur til Ådnagavlen i soloppgang
↑1010m 11,5km
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Måndagstrim til Ingebjørgnuten. Stor smelting og våt, tung snø heilt til topps. Skrei ned i retning Rundtjørn, og har aldri før opplevd så mange åpne elver og bekker som måtte kryssast vidare ned Stokkseldalen. Godt at radoneeskoene er vanntette!
7,5km
Opp Gjerike til "utsiktspunktet", så nedatt om Heiane og Tveito. Kjempefin rundtur!
11km
Ettermiddagstur til Ingebjørgnuten frå Stokksel. Vindpåvirka, tung og ustabil snø, så i dag gjekk det i forsiktig sniglefart både på turen opp og nedatt. Observerte fleire store naturlig utløyste flakskred i området opp mot Nonfjell og i retning mot Stokkseldalen.
Flakskred med bruddkant på omtrent 1 meter
Dette flakskredet har ført med seg blokker 2-300 meter ned mot Stokkseldalen
14km
t/r Solsæ i nypreppa skispor.
↑620m 6km
Nonfjell frå Stokksel. 2-3 cm nysnjo.
Osafjorden
Mange timar på isen i dag. Blank stålis og eventyrlige forhold!
Skøytetur på Osafjorden i ubeskriveleg flotte isforhold!
Hestestodnuten (1362m)
Starta frå Espelandsdalen litt før kl 15 i ettermiddag og rakk akkurat dei siste solstrålane frå toppen. Kraftig nok lys frå solnedgang på returen til at hjelmlykta kunne bli værande i sekken.Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen
Ny flott ettermiddagstur til Brattenuten. Fortsatt bra føre, sjølv om skogslia og flanken opp mot toppen begynner å bli litt vel oppkøyrd no.
Utsikt frå toppen med Skorafjellet og Vassfjøro i bakgrunnen
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen
Flott vinterdag! Sol og vindstille. Litt meir vindpåvirka enn for eit par dagar sidan, men framleis flott føre heilt opp. I dag kunne ein verkeleg nyte utsikta frå toppen med ein lang god pause. Sola varma godt, og det var knapt eit vindpust på heile turen.Gjekk med dei tunge breide Kuro-skiene i dag, ei ski som fungerer kjempebra når det er litt vekslande pudderføre.
Hestastodene (frå ca 1000moh). Filma av Rikoll
Lang pause på toppen, med utsikt mot Granvinsvatnet og Hardangerfjorden
Takk for turen!
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen.
Flott tur i låg ettermiddagssol, med nedkøyring akkurat i det sola forsvant i horisonten. Hestastodene (dalen opp mot Brattenuten) ligg godt skjerma for vind i alle retningar, med pudderføre nesten heilt til topps. Iskaldt på toppen, så det vart ikkje lange pausen. Kunne stå på ski heilt nedatt til bilen i dag.Starta frå Havås med plan om å gå til Nesheimshorgi, men pga ustabil snø og avblåst oppover Nautastien snudde me og skrei ned i lia mot Krokavatnet.
Kun revesporene står att etter vindens herjingar
Oksen (1241m) frå Djønno
Med gårsdagens tur friskt i minne hadde eg eit håp om like bra føre i dag. Men den kraftige austavinden hadde omgjort gårsdagens pudderføre opp frå Oksetjørn-Oksen til mjuk fokksnø og småskavler. ryggen opp til toppen var nesten ikkje gjenkjenneleg sammenligna med i går, og sporet var knapt synleg. Fortsatt perfekte forhold i lia ned mot Djønno!Oksen (1241m) frå Djønno
Prøvde ei ny Oksen-rute for min del i dag, frå Djønno opp Kvelpadalen til Oksetjørn og vidare til toppen. 20cm fjørlett pudder, jamnt snødekke og drømmeføre heilt til topps! Det har lagt seg bra med snø vest på Oksenhalvøya og ned austflanken, heilt upåvirka av vind. Havna i tett bjørkeskog mellom 400-600moh, så litt knoting vart det, men ellers var nedkøyringa berre ein fryd (sjølv om det var iskaldt nedatt frå toppen).
Jamnt snødekke og 20cm fjørlett pudder heilt til topps
Toppvarden i bakgrunnen
Ettermiddagstur til Smøreggi og Grostøl i 30cm "skogspudder".