
Rossnos (1407m) frå Freim i Odda.
Etter fleire dager med mildvær har mykje av snøen smelta høgt opp. Likevel strålande forhold frå Freimstølen (ca 750m) og vidare oppover, med 5cm nysnø og knapt eit vindpust!







Stirunde Bømoen

t/r toppen av Skjervet

Kajakktur ut fjorden til Hamre. Vårlig.



Morgontur til Ingebjørgnuten i nydeleg soloppgang og nokre cm nysnø.


Opp lia til Njuk, nedatt skogsvegen.

Møyfallsnuten (1466m) frå Skjeggedal i Odda. Hadde i utgangspunktet tenkt å fortsette vidare til Rossnos, men med iskald vind rett i mot frista det lite å fortsette.




Midtfjell (1255m) i solnedgang og silkeføre!


Ettermiddagstrim til Ingebjørgnuten. Nådde i sola rett før toppen.. før den gjekk ned berre 10sek seinare. Fant ei fin linje i jamnt pudderføre heilt til topps.





Midtfjell (1255m). Starta frå Stokksel og gjekk via Troppefjellet på veg opp. Fyrst ein nekøyring i den flotte austflanken - i perfekt pudderføre heilt ned til Hushaug. Oppatt til toppen og nedatt om Stokkseldalen.






Lønahorgi (1410m) frå Bavallen. 5cm nysnø, vindstille og kjempeforhold heilt til topps.



Skarsnosi (1470m) og Bakkanosi (1398m).
Flott vinterdag! Sol frå blå himmel og ikkje eit vindpust på toppane, og stort sett bra føre heile vegen.





Ingebjørgnuten (1210m).
Nydeleg fullmånetur. Langt bedre føre enn forventa med relativt god snø heilt til topps!









Liaset - Strutseggi (fortoppen) - Stavaskaret. Fint pudderføre under 900m





Flott ski- og kurs-langhelg i Grasdalen på Strynefjellet.







Guida tur til Midtfjell (1255m) frå Sjusete i Ulvik. Flott tur og flott føre heilt til topps!





Planen i dag var å gå til Møyfallsnuten frå Skjeggedal i Odda. Rett før toppen måtte eg snu då eg tilfeldigvis oppdaga å ha mista bakbindingen på den eine skia - den hadde sprukke i plasten (tretthetsbrudd i kjernen). Fant etterkvart att bindingen i snøen lenger nede, fekk montert den på, og kunne heldigvis skri nedatt med forsiktige kontrollerte svingar.