FEBRUAR 2022

     ↑1020m    
Audun klarte å lokka meg med på ettermiddagstrim til Ingebjørgnuten før det vart myrkt. Ein rypeflokk på minst 20 letta i det me nærma oss Nonfjell. Framleis strålande pudderføre i skogen, og rett nord for Nonfjellshytta fannt me ein "ny" fin trase nedatt med urørt snø.
     ↑1530m    
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Ein flott solskinsdag i triveleg lag. To nedkøyringar frå toppen, med ein lang pause i sola i mellom turane.
     ↑930m    
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Flott vinterstemning med sol, nysnø og snøtunge tre.
        
t/r Vatnasete/Litlastøl og eit par rundar i Haugseåsen. Fine forhold både i og utanfor løypa.

    ↑650m    
Frå Medås til Smøreggi og vidare til Olastøl der det vart appelsinpause i hytta hjå Hausnes.

        
Flott tur til Oksen (Oksebrekkene) frå Tjoflot i sol og nysnjo. I dag kunne me starte med ski på beina heilt nede frå parkeringa. Tjukk skodde på toppen så me tok heller eit par turar i nedre halvdel av Oksebrekkene der snøen låg upåvirka av vind. Fint å endeleg kjenne sola varme godt!
     ↑650m    
Smøreggi frå Medås
20cm nysnø. Føret kan ikkje bli stort bedre enn no.
     ↑950m    
Nesheimshorgi (1133m) frå Medås
Fullmåne- og puddertur til Nesheimshorgi. Månelyst, så kunne gå utan hovelykt siste halvdel opp mot toppen. Drømmeføre ned Nautastien i kveld. Litt meir regnpåvirka vidare nedover.. men stort sett bra heilt fram til parkeringa.
     ↑820m    
Strutseggi (1137m) frå Liaset
Ettermiddagstur i flotte pudderforhold med nokre cm dagsfersk nysnø frå Olavstøl og heilt opp. Vindstille på toppen til ei forandring.
Foto under: Sigvor Djukastein Mala
        
Flott guida tur i Jordalen leda av Carlos (Wild Voss). Me frykta plussgrader og regn høgt opp, men både vær og føre vart betre enn venta i dag.
     ↑1090m    
To turar til Solbjørgi / Bjørnhaugen - ei fantastisk flott skogsli i 500 høgdemeter spennande terreng med botnlause snjoforhold!


Film: Audun Brekke



     ↑1200m    
Øvre Fenno - Såta (933m).
Fire nedkøyringar i perfekte forhold til Fennostølane.
     ↑740m    
Vambheim - Rundenuten (804m).
Starta rett etter jobb og fekk siste rest av ettermiddagssola på veg opp mot Frystetjørn og Øvstestølen. Fantastisk flott vinterstemning i skogen, og føret kan ikkje bli stort bedre enn no.
     ↑350m    
Moldalia i strålande forhold. Det er ikkje utan grunn at lia opp mot Storebottseggi blir kalla for "pudderlia".
     ↑1020m    
Nonfjell x 3. Kjempeflotte forhold i djup pudder ned den bratte lia frå Nonfjellshytta.


     ↑820m    
Fennanuten x 2.
Formiddagstur i djup pudder og nokre timar med opphaldsvær.
     ↑420m    
Stokksel - Nonfjell. Snudde ved Nonfjellshytta etter å ha brøyta spor i over ein halvmeter nysnø - og nye 10cm la seg i sporet berre den siste timen.
     ↑620m    
Storhaug frå Liaset/Espelandsdalen
Ein snørik start på februar! Eg og Robert bytta på å brøyte spor i kveld - i minst 40cm dagsfersk nysnø.