
Bavallen-Ekspressheistoppen.

Øyastølsfjellet (1342m) og Nipa (1247m) i Jordalen. Strålande pudderføre over 800moh. Uvanleg lite snø også i Jordalen for tida, men i dag var det fine forhold over tregrensa med 5-15cm fjørlett nysnjo.




Bra med påfyll av snø sidan forrige tur til Lønahorgi, og eit par cm nysnø på jamt snødekke frå Horgaletten og vidare opp.



Horgaletten frå Bavallen. Ein søkkvåt opplevelse med tett yr og vind. Likevel OK slushføre nedatt.

Horgaletten frå Bavallen. Bra føre både i og utanfor løypa til tross for at det sludda heilt opp. Me vurderte å fortsette, men skodda la seg tjukk vidare oppover.

Førjolstur til Lønahorgi. Eit lite lag med nysnjo heile vegen opp, men høgst variabelt snødekke der vinden har tatt mest.

Bavallen-Ekspressheistoppen.

Fin tur frå Tunheim til Øydvekleppe, med flott utsikt over Ulvik og Osafjorden.


Lønahorgi frå Bavallen
I kveld skjedde det som eg har frykta kunne skje med superlette og godt brukte ski; rett før me skulle ned frå toppen tuppa eg den eine skia i ein liten skavle, nok til at den knakk både i tuppen óg i bindingsfeste. Kun stålkanten holdt skia sammen. Heldigvis gjekk det forholdsvis greit å komme seg ned att, men det tok si tid, og det vart langt ifrå nokon elegante svingar eller noko vakkert syn..


Lønahorgi frå Bavallen
Mildt og fullstendig vindstille på toppen, og med ein knapp cm med nysnø(om ein legg godvilja til) var føre litt betre enn for eit par dagar sidan. Bonusen i kveld var uansett å komme rett over i nystrigla løyper nedatt skiresorten til Bavallen.




Bavallen til ekspressheis-toppen


Lønahorgi frå Bavallen
Nydeleg rosafarga himmel, flott halvmåneskin og sesongens fyrste skitur til Lønahorgi! Sjølv om føre ikkje var noko å juble for var det betre enn frykta, og også meir snø enn forventa frå Horgaletten og opp.




To nedkøyringar frå toppen av ekspressheisen til Bavallen. Full snøproduksjon og fine forhold i kveld. Når det er begrensa med snø i fjellet er Voss Resort god å ha!

Ei nedkøyring i ljosløypa frå toppen av Ekspressheisen til Bavallen.

Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen. Vindfullt på toppen og ikkje så bra føre som me hadde håpt på i dag.





Tur til utsiktspunktet i Granvin rett før solnedgang


Horgaletten og toppen av Ekspressheisen frå Bavallen. Nye 5cm i dag og fine forhold, spesielt ned frå Horgaletten der snøen låg jamnt fordelt i vegen.

Horgaletten. Stjerneklart i det me kom opp. På det meste låg det rundt 10-15cm nysnø i vegen opp mot toppen og nok snø til unngå riper i skiene..
