DESEMBER 2021

     ↑590m   11,5km  
Joggerunde Skår - Skjervet i eit par timar med opphaldsvær og gløtt av sol.
     ↑630m    
Bavallen-Hangurstoppen
    
Kajakktur ut Granvinsfjorden til Folkedal. Vindstille og fint.
     ↑1150m   17,5km  
Lønahorgi (1410m)
Ettermiddagstur til Lønahorgi med Audun. Litt lite snø opp mot Horgaletten, der måtte me faktisk av med ski eit lite stykke, men relativt bra føre etter det. Vindstille og stjerneklart på toppen.
     ↑970m   12km
Ingebjørgnuten (1210m)
Rute: Stokksel - Ingebjørgnuten - Djønno.
Eva og Endre gjekk frå Djønno medan eg starta frå Stokksel, så møttes me på halvvegen. Kjempeflotte skareforhold i fjellet for joggesko og isbrodder, men framleis litt for lite snø til skitur.
     ↑740m   14,5km  
Opp sherpatreppene til Kvanndalsstølen og vidare over perfekte frosne stiar og fjellvatn til Fossdalen/Lussand. Nydeleg solnedgang i det eg bikka over toppen på veg nedatt til Lussand, og på siste "etappe" langs fjorden og gamlevegen/hovedvegen forbi Lussandberget til Kvanndal. Fin joggerunde!
     ↑1241m   10,5km  
Oksen (1241m) frå Hamre
Eg og Eva på broddetur til Oksen. Fyrst bratt opp frå Hamre via Nuten, så nedatt om Seljenuten. Skodda la seg tjukk over toppen akkurat i det me kom opp, så utsikta uteblei, men ein fin tur vart det likevel - og isbroddane kom til nytte frå fyrste meter.
     ↑340m   9,5km  
Joggetur Hedler-Litlastøl-Vatnasete-Haugse-Gjerike
     ↑1640m    
Holmaskjer (Folgefonna)
Fantastisk fin tur frå Tokheim til Holmaskjer på Folgefonna, og til den DNT-hytta som kanskje ligg finast plassert - på toppen av breen, 1565moh.
Starta med ski på sekk og joggesko fyrste delen av Keiserstien, deretter var det på med kraftige isbroddar opp til 1100m, før siste del kunne gjennomførast med ski på beina. Kom opp til ein måneoppgang og solnedgang eg seint vil gløyma - og krydra med litt nordljos utpå kvelden kunne det knapt bli flottare!
        
Kajakktur rundt Granvinsvatnet, med havørnen som tilskuar.
     ↑1160m    
Kveldstur Bavallen-Hangurstoppen (x2)
---
Etter eit langt opphald er no havørnen tilbake over Granvinsvatnet


     ↑1190m    
Lønahorgi (1410m)
Flott måneskinstur til Lønahorgi med obligatorisk kakaopause i tunnelen inn til masta! Litt ymse snøforhold med hard skare og is, men relativt bra snøsåle frå Horgaletten. Nokre lommer med fint pudderføre var det og.
    11,5km   ↑630m  
Joggetur opp bakkavegen til Skår, så nedatt om Skjervet og gamle jernbanetunnelen. Flott måneskin og svært mildt i lufta.
     ↑610m    
Horgaletten frå Bavallen i tett snødrev. Hverken vær eller føre var noko å skryte av i dag..


     ↑620m    
Audun rapporterte om fine pudderforhold i bjørkelia opp frå Skaftedal, så då måtte det bli ein ny tur før plussgrader og regn tek over. Fyrst til Reisleskar og så Tingsteinen. Måneskin, 20-30 cm pudder og ikkje eit vindpust.
     ↑520m    
Bavavallen-Hangurstoppen. Flott vinterstemning med nysnø og kuldegrader.
        
Skøytetur på Vatnasetevatnet og truleg siste dagen på ei god stund med så flotte isforhold.
     27 km  1090m  
Trolltunga
På brodde- og trugetur med fire spreke studentar frå Tyskland. I dag såg me faktisk ingen andre på denne ellers så populære turen - dette til tross for at både vær- og føreforhold var kjempebra!
     9 km  220m  
Stirunde Haugse-utsiktspunktet-Måvotno-Vatnasete-Haugse. Frosne bekker og issvuller langs store delar av stien, så piggsko var tingen i kveld.
    10,5km  230m  
Fin runde på sti opp til Såkvitno og vidare gjennom gamle jernbanetunnelen. Nedatt om sherpatreppene til Skjervsfossen.
        
Mange timar på skøytetur rundt Maovatnet. Stjerneklart. Det er ei heilt spesiell stemning å skøyte på kvelden - kun med lyset frå hovelykta. Den kraftige vinden har polert isen og ført til at nesten all snøen no er blåst av.
        
Trimtur til Øykjaskar og utsiktspunktet - som oppvarming til (eit iskaldt) måndagsbad i fjorden.


        
Skøytetur på Maovatnet og Vatnasete i ubeskriveleg fine isforhold.


        
Flott morgonhimmel over Granvinsvatnet
        
Solsævatnet. Sesongens fyrste tur på fjellski, med bålkos og pølsegrilling.
     ↑1020m   
Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen
-14ºC nede ved parkeringa tidleg på morgonen, men heldigvis stigande temperatur høgare opp. 20cm nysnø!