AUGUST 2019

      ↑590m   23km
Fin rundtur opp Vindalsvegen til Vatnasete og nedatt om Maovatnet, Tveito og Kjerland.

      ↑920m   12km
Sein ettermiddagstur til Ingebjørgnuten(1210m) frå Stokksel i fønvind og sol. Omtrent i det sekundet eg kom nedatt til parkeringa starta regnet.. og litt etterpå eit intenst torevær - akkurat som avtalt med YR.
      ↑520m   8km
Kveldstur opp Horgastien til Horganipen for ein aldri så liten telttur til tidleg neste morgon.


      ↑560m   12km
Tur-retur Vatnasete.
      ↑760m   18km
To turar Bilde-Nesheim

      ↑460m   13km
Ny rundtur på stien frå Bilde til Nesheim, ei utruleg artig løype!

      ↑460m   13km
På sti frå Bilde til Nesheim
      ↑760m   17km
Til Havås og vidare opp Krokavassvegen. Så nedatt til Bilde og på den nye stiløypa (gamle skulevegen frå Bilde) gjennom skogen til Nesheim.

      ↑1200m   17km
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedalen. Rute: Vetlehondalen - Hjalladalen - Steinhytta - Hondalsnuten


      ↑160m   15km
Bømoen

  
Espelandsvatnet
      ↑120m   13km
Eit par stirundar på kryss og tvers i Bømoen.
      ↑1120m   14km
Oksen (1241m) frå Hamre

      ↑1420m   27km
Gjekk fyrst frå Stokksel til Ingebjørgfjellet (1210m) og fortsatte ned "ryggen" til Dalsete og vidare opp til Midtfjell(1255m). Flott rundtur, varmt i lufta og ikkje antydning til vind på toppane.. og ikkje minst ein dose etterlengta Hardangerfjord-utsikt!


      ↑320m   17km
Eit par stirundar i Bømoen og over Håmyrane/Storåsen.

      ↑1120m   35km
Tur-retur Granvin - Ulvik (over gamle postvegen). Tilbake om Bergo. Knusktørre stiar og ein avkjølande vind. Godt over halvparten av denne rundturen kan syklast på sti og kjerreveg, og når forholda er så bra som i dag er alt syklbart.

      ↑720m   16km
Fyrst opp til Angerskleiv og så vidare om Haugseåsen til Vetlavatnet, der det vart eit langt og avkjølande bad. Ubeskriveleg god følelse å være tilbake att i Hardanger!