AUGUST 2020

      ↑1090m   13km

Olsskavlen (1576m) frå Olavstøl

Flott kveldsstemning med solnedgang over Hurrungane og Lønahorgi i nord, og måneoppgang i aust


      ↑1280m   12km
Lønahorgi (1410m) frå Eenstunet.
Sol, varmt og vindstille, med ein lang pause i kveldssola på toppen.


  
Espelandsvatnet. Ein liten fisketur, men ikkje så mykje som eit napp.

      ↑1380m   29km

Dronningstien frå Lofthus til Kinsarvik

Starta frå Lofthus opp Frøyneslia sør for Opo-elva og vidare over Dronningbrua, så på Dronningstien over til Kinsarvik (og på sykkel tilbake til Lofthus). Lang, flott solnedgang som fulgte meg over fjella på vestsida av Sørfjorden. Det er nesten vanskelig å halde fokus på stien når ein har utsikt mot heile Sørfjorden og Folgefonna, med solnedgangen som bakgrunn. Knapt eit vindpust på heile turen. Dette turmålet har vert svært populært i sommar og har hatt flest visningar på UT.no, men i kveld møtte eg faktisk ingen andre langs stien..

---------------------
Flott himmel i morgontimane over Espelandsdalen på veg til jobb

      ↑880m   9km
Kvasshovden (1030m) frå Liaset
Antydningar til haustfargar i fjellet.

      ↑980m   9km
Klondyke (1090m) frå Een. Høstlig og kaldt, med ei veldig lokal og kortvarig snøbyge på toppen.

      ↑620m   17km
Opp Vindalsvegen til Vatnasete og tilbake om Litlastøl og Hause, med ein liten avstikkar til "utsiktspunktet".

  
Espelandsvatnet

      ↑520m   7km
Formiddagstur til Horganipen. Bratt opp Horgastien og nedatt Midtstien.
  
Bjørnebærplukking på Hamre

  
Skorvofossen

      ↑270m   10km
"Stirsdag": Haugseåsen - Vetlavatnet - Maovatnet - Angerskleiv - Vatnasete.
Stirunde frå Haugseåsen til Angerskleiv med eit avkjølande bad i Vatnasetevatnet.

Publisert av Tor-Einar N. Wahl Tirsdag 18. august 2020

Stemningsfilm frå kveldens tur: Tor-Einar N. Wahl


      ↑1950m   25km
Raundalsryggen (Skaftedal - Horndalsnuten- Skipadalsnuten - Seldalsnuten - Olsskavlen - Olavstøl)
Starta rett etter jobb og gjekk Raundalsryggen frå Skaftedal til Olavstøl. Vart sittande nesten ein times tid på Olsskavlen i lang og flott solnedgang!

      ↑1030m   13km
Kveldstur til Olsskavlen(1576m) frå Olavstøl. Blikkstille og varmt på toppen.

      ↑1080m   38km
Flott sykkeltur i strålande vær opp til Vatnasetevatnet og Angerskleiv, så tilbake om Vetlavatnet/Tveito. Vidare til Bilde og på sti ned til Nesheim. Stoppa og tok eit langt og avkjøland bad i kvart av dei tre vatna eg sykla forbi. Til og med Vatnasetevatnet hadde lunka temperatur i dag.

        
Kveldstur og fisketur til Maovatnet (Tveito)

        
Espelandsvatnet

      ↑830m   7km
Rute: Espelandsfossen - Botn - Brattenuten (snudde på ca 1100m).
Gjekk stien opp til Botn og vidare bratt opp lia til Brattenuten, med flott panoramautsikt over Espelandsdalen.


      ↑430m   11km
"Stirsdag" Storåsen/Håmyrane.

     
Kaupanger og Molden(1116m)
Petter inviterte til ein dag med stisykling i Sogndal. Me starta med eit par rundar i området rundt Amlaholten/Kaupangerskogen og avslutta kvelden med ein flott tur i solnedgang ned frå Molden(1116m), ein av klassikarane i indre Sogn.

     
Vesle Vassfjøro(1253m) frå Sotenos/Solsæ
På kveldsbesøk til Jo Bjørnar som skulle telte rett under Vassfjøro og fortsette vidare til toppen neste morgon, mens eg reiste nedatt rett etter solnedgang. Sykkelturen nedatt stien frå Jonstøl vart litt i overkant spennande.. i skumringa og i mørket.. men det svake kveldsljoset var akkurat nok til å kunne sjå konturane av noko som ligna på sti.

      ↑1330m   12km
Kveldstur til Lønahorgi (1410m) frå Een
Kanskje ein av dei finaste turane eg har hatt opp via Klondyke til Lønahorgi. Skodda og nordavinden ga seg etterkvart, og kveldssola varma nok til at eg kunne gå i shorts og t-skjorte nedatt frå toppen.

      ↑1310m   20km
Oksen (1241m) frå Selstad
Starta frå Selstad og gjekk den merka ruta via Oksetjørn til Oksen. Kanskje den aller finaste, men likevel minst brukte stien opp. Fekk akkurat dei siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. Nedatt neste morgon om Seljenuten, Hamre og på grusveg dei siste kilometrene til Selstad. Fin rundtur, sjølv om sola kun viste seg med små glimt!

      ↑580m   18km
Tur/retur Vatnasete. Vått og grått!


      ↑1190m   16km
Kveldstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal
Vurderte å snu på "Vesle Horndalsnuten", der skodda låg tjukk vidare oppover, men fortsatte likevel dei siste 200 høgdemetrene til topps. Utsikta var tilnærma lik null. Litt småsurt å oppdage at skodda letta og siste rest av solnedgangen traff toppen i det eg var nede att ved parkeringa.

      ↑1290m   10km
Rossnos (1407m)
Flott ettermiddagstur frå Freim til Rossnos (1407m), eit av dei aller finaste utsiktspunktene i Odda. Me får inderlig håpe at den planlagde "supergondolen" til Rossnos i Odda aldri blir realisert. Den vil utvilsomt øydelegge både utsikten og den flotte turopplevelsen.

      ↑710m   20km
Tur/retur Angerskleiv.
Shortsvær og sol på turen opp, øsande regnvær på veg nedatt..!

  
Tyssedalsstølen og Tyssedalsnuten(1065m) frå Sotenos i Ulvik
Flott tur innover Tyssedalen, som går gjennom grønt og frodig terreng med godt utsyn over fjell og mektige fossefall kvarhen ein snur seg innover dalen. Tyssedalsstølen ligger idyllisk til rett ved vatnet.