Bunuten (1019m) frå Vallavik
På sykkel frå Vallavik til Bu og eit stykke oppover skogsvegen, så vidare på sti til toppen. Flott ettermiddagstur i strålande sol!


-
Foto under: Jarand




Frå Granvinsvatnet over Heiane til Geituri og vidare til Kjerringafjellet. Så over Kvasshovden og Velkesfjellet på turen tilbake - og rett i Granvinsvatnet for eit kveldsbad.




Kyrelvfjellet (1404m) frå Osafjellet/Langavatnet. Blikkstille og varmt på toppen.




Holven-Heiane-Geituri-Velkesfjellet-Kvasshovden-Angerskleiv-Holven.
Lang og flott kveldsrunde over Velkesfjellet og Kvasshovden i fint terreng for stispringing.





Holven-Hedler-Lyngershaug-Velken-Holven. Kjempefin runde på fleire "nyoppdaga" stiar opp mot Lyngershaug.
  ↑360m 9km 1t:10m
Stirunde Holven-Fletena. Rakk akkurat to rundar før regnet kom for fullt.




Vassfjøro (1633m.) frå Tunheim
Flott dag i strålande turvær til Vassfjøro frå Tunheim i Ulvik.













Sandfjellet frå Gjelle

Frå Stokksel til Midtfjell (1255m.) i nydeleg kveldssol.




Opp skogsvegen til Njuk (680moh) og bratt nedatt lia, og gamle jernbanetrasseen tilbake. Ein fin runde, men som absolutt er best å ta i motsatt retning når stien nedatt er så våt og sleip som no.


Joggetur Holven-Haugseåsen-Haugse-Holven og direkte i Granvinsvatnet for eit avkjølande kveldsbad.

Utforskingstur rundt Skorvofossen. Starta med å gå på høgre side av elva nesten heilt inn til fossen, så bratt opp skogslia rett aust for Skorvoelva før eg etterkvart kom inn på skogsveg og stien som går ned på andre sida av fossen.


Espelandsdalen - Kvasshovden (1030m) - Ulvik sentrum.


Flotte dagar med telt- og fisketur i området mellom Skiftesjøen og Tinnhølen. Truleg litt fór fint vær, for det vart minimalt med fisk på nokon av oss.







Joggetur til Vatnasete/Angerskleiv, så tilbake på sti mellom Litlastøl til Hedler. Fyrste dagen med shortstemperatur på lenge.


Kveldstur til Oksen (1241m.) frå Hamre via Seljenuten.


Mange timar på moltejakt gjennom søkkvåte myrer og stiar, heilt til soddspannet var overfylt.


Kveldstur til Lønahorgi (1410m.) frå Een via Klondyke.




Moltebærtur i øvre-Granvin

Kristinuten (901m.)
Frå Tunheim og bratt opp lia til Kristinuten, så nedatt om Liastølane og Liavegen. Fin rundtur, med ein liten moltepause rett under toppen.


