
Oksen (1241m)
Frå Hamre via Seljenuten til Oksen (1241m). Nedatt om Nuten-Hamre. Svært varmt og ikkje eit vindpust, så dermed vart det eit bad både på toppen og i fjorden rett etter turen.
Telt- og fisketur til Langavatnet




Bjørndalstindtraversen
Flott og luftig alpin klassikar i Rosendalsalpane! Turen vart avslutta med eit friskt bad i Prestavatnet, før siste etappe ned den flotte dalen mot Murarbotn.







Opp Espelandsvegen til Espelandsvatnet, nedatt på sti/kjerreveg langs Tråelvi



Tre eventyrlege timar med fjellfiske frå land, rett etter jobb. Når det så godt som biter på kvart kast og fisken er av topp kvalitet med snittvekt på 3-400g er det ikkje mykje som kan måla seg med stangfiske i fjellvatn.




Opp Espelandsdalen og nedatt på traktorveg over Fletena til Holven og rett i måndagsbad i Granvinsvatnet, målt til 19 ℃.



Kveldstur t/r Angerskleiv. Shortstemperatur!

Fullmånehelg på Osafjellet
Flotte dagar med fiske, kajakktur og den obligatoriske fjellturen til Onen.











Kveldstur opp Horgastien til Horganipen



Fin rundtur: Gjelet-Fuglavatnet-Seljeskoret-Almen-Gjelet.
↑1090m 11km
Midtfjell (1255m) frå Hallanger
Telttur til Midtfjell i måneskin og stjerneklar himmel. Ikkje eit vindpust gjennom natta. Nedatt grytidleg neste morgon før soloppgang.








t/r Vatnasete

Kveldstur opp til Velken og vidare på bratt kjerreveg til Hedler. Tilbake samme veg. Ei lita glippe i skydekket i kombinasjon med regntunge skyer over resten av himmelen gjorde at det vart eit heilt spesielt ljos i solnedgangen på turen nedatt!




Vetanosi (1134m)
Telttur til Vetanosi, Sogn sitt svar på Oksen.




Gamle postvegen Granvin-Ulvik t/r
På sti over Angerskleiv til Ulvik, så tilbake om Ljono, Solsævatnet og Bergo. Knusktørre stiar og fine forhold! Antydningar til haustfargar over høgda.




Geitadalstind og Ulvanosa i Rosendal
Kjempeflott tur til ein av klassikarane i Uskedalen.





Stispringing: Vatnasete - Maovatnet - "utsiktspunktet"


Olsskavlen (1576m)
Strålande kveldstur til Olsskavlen frå Olavstøl.




Angerskleiv. Nydeleg solnedgang på turen nedatt.



Kveldstur til Vetle Vassfjøro (ca 1250m). Slo opp teltet rett ved ein av dei mange steinbuene som står att frå helleuttaket over Osa.





Ein regnboge-glorie oppstår når solljoset treff og blir reflektert i små vanndråpar som utgjer tåke/skodde. Skyene må ligge lågt, samtidig som sola må være plassert rett bak. Brockenspekter

