Tiurleik i Granvin
Eg og Jean-Cristophe på tiurleik i Granvin. I kvart vårt ferdigmonterte telt på kvar side av eit åpent felt i granskogen fekk me i morgontimane oppleve stor aktivitet på leiken. Ein ubeskriveleg fin start på dagen, i soloppgang, fuglesong og tiurleik.Størst aktivitet på leiken før sola stod opp, kl 05
Angerskleiv frå Eide. Eg og Petter tok den fine rundturen opp til Angerskleiv, med eit par avstikkarar på turen nedatt. Shortstemperatur og fine forhold.
Kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
Kunne på med skiene etter berre å ha gått 10 minutter til fots i dag. Litt knoting opp (og spesielt nedatt) skogslia til/frå Nonfjellshytta, men vidare opp er snøen etter forholdene overraskande bra. Flott "kveldsslusj" frå topp til botn!
Fortsatt fine snøforhold ned den nordvendte flanken frå toppen
Angerskleiv. Omtrent samme runden som i går, men starta frå Holven og fekk kveldssola på turen nedatt frå toppen. Denne runden har det meste; fine stiar, nokre bratte tekniske parti, kjerrevegar og skogsterreng, fjordutsikt, idylliske fjellvatn og fine gamle setrer som ein passerer på vegen. I dag var det såpass varmt at eg kunne sykle i shorts og kortarma på turen opp, og det frista nesten med ein liten dupp Vatnasetevatnet..
Angerskleiv i kveldssol
Angerskleiv. Som oppvarming til måndagsbadet i fjorden tok eg og Audun ein sykkeltur til Angerskleiv. Me starta frå Eide og sykla bratt opp Tveitovegen til Vetlavatnet og vidare forbi Vatnasete til Angerskleiv. Så nedatt om Haugseåsen, Haugse og Hausnes. På denne strekninga er det fleire parti med kjempefine stiar!
Idylliske vetlavatnet
Kajakktur eit stykke innover Osafjorden og så rundt Birjetangen og heilt inn Ulvikafjorden. Speglblank fjord og ubeskriveleg fine forhold. Intens fuglesong på strekning nær land frå Birjetangen i retning Osa..
Kajakktur ut Granvinsfjorden til Kvanndal, med eplekake-pause på Hamre.
Opp til Vatnasete og Angerskleiv, så på sti nesten heilt nedatt til Granvinsvatnet, forbi Haugse og Hausnes. Tok og ein liten svipptur oppom utsiktspunktet. Veldig fine forhold i dag! Litt snø att opp mot Angerskleiv, men det meste bestod av hard skare som var fin å sykle på.
Middagsnuten og Ruvlenuten frå Kvamsdalen (Eidfjord)
Flott tur og fin fjordutsikt men heller labert skiføre. Vindfullt og avblåst!
Eidfjorden og Eidfjord sentrum sett frå Middagsnuten
Kjeåsen
Springetur Holven-Heiane på tørre fine stiar. To rundar. 12km
Forsmak på sommaren! Kajakktur ut Granvinsfjorden, med innlagt kaffipause i Folkedal hjå Kristin. Kjempefine forhold på fjorden, så i dag var det ikkje spesielt utfordrande å ta fuglebilder med telelinse frå kajakk.
Tjeld
Siland
↑ca 1000m 12km
Osafjellet
Ein fantastisk flott dag på Osafjellet. I formiddagstimane gjekk me den sørvendte flanken (i retning Nipahøgdi), så vart det pølsegrilling, kaffi og smågodt i solsteiken før den nordvendte flanken stod for tur. Perfekt føre og god stemning!
↑930m 9,5km
12km
Kajakktur ut Granvinsfjorden til Hamre. Medvind bort og stille fjord på turen tilbake.
↑1930m 27km
Rute: Viermyr - Nipahorgi - Osaskavlen - Ossete (snudde på 700m) - Nipahorgi - Viermyr.
Lang rundtur på Osafjellet i fantastisk vær og føre, med lange, gode pausar i sola på kvar av toppane. Knallblå himmel og ikkje eit vindpust! Starta ikkje frå Viermyr før litt utpå ettermiddagen, men likevel var det såpass varmt i sola i 17-tida at også ulltrøya måtte av i den lange motbakken oppatt frå Ossete til Nipahorgi.
↑1010m 8km
Det eg ikkje hadde forventa i dag var at føret var såpass bra; eit lite lag med nydeleg pudderføre/mjuk fokksnø frå toppen og ned nesten heile Oksebrekkene, før det gradvis gjekk over til litt tyngre bruddskare der det flater ut mot Vindhovden. Skylaget sprakk opp og sola kom fram omtrent i det minuttet fellene var av og skituppane vendte nedover att..
↑890m 7,5km
I kveld fekk me besøk av spekkhoggarane i Granvinsfjorden berre 10 minutt før det faste måndagsbadet i fjorden...
Fennanuten i 30-40cm nysnø. Sol og finvær den timen me var på tur, men full snøstorm rett før og etter.
↑500m 5km
Rute: Selstad - Verkadalen - Startaneset. Fin rundtur med appelsinpause under Sauasteinen.
↑1210m 20km
↑580m 18km
Opp Vindalsvegen til Haugseåsen og vidare til utsiktspunktet, så på fin sti nedatt til Haugse og Hausnes. Litt nysnø på det høgaste punktet, men ellers tørre fine stiar.
Spekkhoggere slakter nise i Ulvikafjorden (litt ustø filming)
Ryggfinnen på den største hannen er truleg på rundt 2 meter..
↑1720m 25km
I dag klaffa alt, til og med batteriet til ørepluggane holdt seg gjennom heile turen.. :-)
↑1220m 19km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Nydeleg dag til Oksen i Hardanger, og såpass varmt i sola at me kunne gå i kortarma ulltrøye store deler av dagen. Toppturgjestane ankom Tjoflot med Rib-båt og starta dermed dagen med ein flott båttur over Hardangerfjorden. Ein kjempefin gjeng å ha med på tur!Kajakktur ut Granvinsfjorden til Hamre. Medvind bort og stille fjord på turen tilbake.
Rute: Viermyr - Nipahorgi - Osaskavlen - Ossete (snudde på 700m) - Nipahorgi - Viermyr.
Lang rundtur på Osafjellet i fantastisk vær og føre, med lange, gode pausar i sola på kvar av toppane. Knallblå himmel og ikkje eit vindpust! Starta ikkje frå Viermyr før litt utpå ettermiddagen, men likevel var det såpass varmt i sola i 17-tida at også ulltrøya måtte av i den lange motbakken oppatt frå Ossete til Nipahorgi.
Osaskavlen med Hardangerjøkulen til venstre i bakgrunnen
Osafjorden og Sygnestveit sett frå Nipahøgdi
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Flott ettermiddags-/kveldstur til Oksen for å ta ein sjekk på snøforholdene. Mindre snø er normalt for denne tida av året, men likevel litt bedre enn frykta.Det eg ikkje hadde forventa i dag var at føret var såpass bra; eit lite lag med nydeleg pudderføre/mjuk fokksnø frå toppen og ned nesten heile Oksebrekkene, før det gradvis gjekk over til litt tyngre bruddskare der det flater ut mot Vindhovden. Skylaget sprakk opp og sola kom fram omtrent i det minuttet fellene var av og skituppane vendte nedover att..
Ettermiddagstur til Strutseggi (1137m) frå Liaset
Hadde eit håp om like bra pudderføre som i helga, men vind og plussgrader hadde ført til utfordrande føre og fokksnø på store deler av turen. Det vart derfor ikkje mange kontrollerte puddersvingar nedover fjellsida i dag.. kanskje tre eller fire, i beste fall fem..
↑910m 10,5km
↑430m 4,5km Ingebjørgnuten (1210m)
Dagens toppturgjestar ankom sjøvegen - med fly. Nydeleg vær og flott føre frå topp til botn. Takk for ein fin tur!
Takk for turen!
Fennanuten i 30-40cm nysnø. Sol og finvær den timen me var på tur, men full snøstorm rett før og etter.
Rute: Selstad - Verkadalen - Startaneset. Fin rundtur med appelsinpause under Sauasteinen.
Onen (1620m) frå Viermyr
Lang og flott tur til Onen rett etter jobb i 20-30cm nysnø! Vindfullt og iskaldt på toppen, men me fekk raskt varmen i oss etter nokon fine puddersvingar. Spesielt bra føre på den siste nedkøyringa mot Viermyr!Opp Vindalsvegen til Haugseåsen og vidare til utsiktspunktet, så på fin sti nedatt til Haugse og Hausnes. Litt nysnø på det høgaste punktet, men ellers tørre fine stiar.
Spekkhoggere i Hardangerfjorden
Stor aktivitet med spekkhoggere i Hardangerfjorden, og ekstra flott å få oppleve dei majestetiske dyrene jakte (og slakte) nise på nært hald.Spekkhoggere slakter nise i Ulvikafjorden (litt ustø filming)
Ryggfinnen på den største hannen er truleg på rundt 2 meter..
Spekkhoggaren midt i bildet, med Osa i bakgrunnen
↑1720m 25km
Onen (1620m) x2 frå Austdølavatnet
Flott formiddagstur og ubeskriveleg bra føre i den store "bollen" ned mot Kvilinganutvatnet! Sporet frå torsdag var knapt synleg og skjult av nokre cm nysnø.I dag klaffa alt, til og med batteriet til ørepluggane holdt seg gjennom heile turen.. :-)
Tørr asfalt opp Osafjellsvegen
Hårteigen sett frå parti opp mot Onen
Spekkhoggere på besøk i Granvinsfjorden
Ein flokk på 7-8 spekkhoggere på besøk rett ved kaiområdet på Eide.↑1220m 19km
Onen (1620m) frå Austdølavatnet
Kjempeforhold med eit par cm tørr puddersnø heilt til topps. Gjekk i tjukk tåke siste timen opp til toppen og såg ikkje varden før eg var 20 meter ifrå, og vurderte fleire gonger å snu på turen opp pga plutselig whiteout. Men etter knappe ti minutter pause på toppen letta skodda og lysforholdene nedatt var på topp heile den neste timen. Maks flaks.
Skodda letta akkurat i det kaffien var ferdigtrakta..