APRIL 2020

      ↑320m   17km
Stirunde Bømoen - Håmyrane - Storåsen. Rakk akkurat ein runde før regnet kom.

      ↑320m   17km
Stirunde Bømoen - Håmyrane - Storåsen. Kjempefine forhold!

      ↑1070m   14,5km
Skipadalsnuten (1497m) frå Skiple
Tor-Einar som er lommekjent i området inviterte på kveldstur til Skipadalsnuten, med nedkøyring i den flotte nordvest-flanken. Pga flatt lys snudde me ca 70 høgdemeter før toppen. Tørr nysnø øvst og litt meir solpåvirka lenger nede. I litt betre snø- og lysforhold blir det nok ein ny tur her seinare i vår!

      ↑1370m   17km
Olsskavlen (1576m) frå Liaset
Starta i 19-tida og nådde akkurat i dei siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. Vinteren slepp ikkje heilt taket enno, frå Stavaskar(800m) og vidare opp låg det 5-10cm tørr nysnø!

      ↑440m   8km
Frå Havås opp Krokavassvegen til Olastøl

      ↑1540m   18km
Rute: Blåskavlen (1809m) - Voldedalen - Prest (1478m) - Vetlabotn
Sol frå blå himmel og rask slushsne i alle himmelretningar utover ettermiddagen. Etter ein god pause på toppen av Blåskavlen (1809m) slapp me oss ned i den mektige Voldedalen (til ca 1000m), før me traska oss bratt oppatt til Prest. Varmt som "på ei strand i syden" nede i dalen.. men ein kjærkommen, avkjølande bris på toppane. Siste nedkøyringa sør mot Vetlabotn. Sjølv om klokka no nærma seg sein ettermiddag var det likevel ikkje antydning til sugeføre i den sørvendte sida!

      ↑1470m   16,5km
Rute: Liaset - Sauanuten (1349m) - Fagnastøl - Strutseggi (1133m) - Liaset.
Me starta frå Liaset med mål om å gå til Olsskavlen, men sidan yr hadde bomma på været og skodda låg tjukk over toppen slapp me oss ned den flotte bollen vest mot Fagnastøl. Me var maks heldig med timinga i det me fekk 10 minutt med sol. Så oppatt til Strutseggi og i bra slusjføre nedatt til Olastøl.

      ↑1340m   10km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsfossen
Formiddagstur frå Espelandsfossen til Olsskavlen. Herlig slusjføre ned til Vestrebotn. Råtten vårsnø vidare nedover mot Botn.

      ↑1310m   13,5km
Oksen (1241m) frå Tjoflot
Flott tur til Oksen med Audun og ein triveleg og sprek gjeng frå Fjordfilm. Frå toppen skrei me fyrst ned søraustflanken (i retning Åkre og Eidfjorden) - kanskje dagens høgdepunkt! Her hadde sola jobba sidan tidleg morgon og ga oss perfekt slusjføre.
Etter ein god pause på toppen stod Oksebrekkene for tur. Bra føre nedatt og ei fin nedkøyring til tross for at brekkene no var pepra med spor.

      ↑2280m   23km
Ingebjørgnuten (1210m)
Fire nedkøyringar frå toppen (til like ovanfor tregrensa). Hadde plan om ein rask formiddagstur i dag, men det var lettare tenkt enn gjort med perfekt slushføre som til dei grader låg å frista i fjellet! Store "luftige" snøkrystaller ga raskt slusjføre også i det slake partiet mot Nonfjell.

      ↑2260m   31km
Raundalsryggen (Olsskavlen - Skipadalsnuten - Seldalsnuten - Horndalsnuten) frå Espelandsdalen
Eit par grader varmare i lufta og eit par hakk betre føre enn i går. Framleis litt isete over 1300m sjølv om sola jobba på spreng for å tine opp snøen også i nordvendte heng. Kunne stort sett gå i (knelang) shorts og t-skjorte heilt til topps! Flott avslutning på turen med raskt slusjføre ned elvadalen mot Skykkjeset, Skaftedal og nesten heilt ned til Brekke.
      ↑1020m   12km
Stavaskarsnuten (1258m) frå Liaset
Nydeleg dag med strålande føre frå topp til botn. Vindstille og varmt heilt opp.

      ↑910m   11km
Ingebjørgnuten (1210m). Isete og hardt til tross for sol frå blå himmel. Jamnt og fint snødekke heilt til topps, så med høgare temperatur og mindre vind kan det nok bli veldig bra forhold framover.

      ↑820m   9km
Liaset - Stavaskarsnuten (1250m). Snudde rett før toppen. Med kald nordavind, flatt lys og hardt skareføre frista det ikkje veldig å fortsette.

      ↑820m   14km
Eit par stirundar i Kaupanger i Sogndal. Knusktørre stiar i Kaupangerskogen og vidare opp til Amlaholten (508m).

      ↑220m   18km
Eit par stirundar i Bømoen rett før regnet kom for fullt.

      ↑1220m   14km
Strutseggi (1137m) x 2
Strålande slushføre over 600moh. Blikkstille på toppen.

      ↑820m   10km
Strutseggi (1137m) frå Espelandsdalen
Ikkje så verst føre nedatt med ein liten cm fersk nysnø oppå skaren.
      ↑190m   21km
Eit par stirundar i Bømoen. Oppdaga også tilfeldigvis ein "ny" sti i tjukkaste granskogen.

      ↑1110m   12km
Ettermiddagstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Me gjekk stien opp til krysset ovanfor Seljesete før me kunne på med skiene. Rett aust for Middagsnuten stod fem reinsdyr i ettermiddagssola - flott lina opp. Dei såg ut til å følgje med på oss heilt til me var trygt nede att frå toppen.
Knekkebrødskare og flatt lys øvst, så det vart nok ikkje dei mest elegante svingane i starten. Bedre slushføre lenger nede (og råtten snø i henget ned mot skogen).


Reinsdyra på Oksenhalvøya har fått med seg 2-metersregelen og gruppe på maks 5

      ↑1315m   18km
Olsskavlen (1576m) frå Espelandsdalen
Ettermiddagstur til Olsskavlen i strålande sol men kraftig vind. Nysnø og 5-10 plussgrader er ingen god kombinasjon. Føret i det solvendte henget ned frå Stavaskarsnuten føltes nærmast som lim mot skiene.

      ↓-1m!
Kajakktur frå Folkedal til Tjoflot og fyrste turen i år med negativt fortegn framfor antall høgdemeter.. (frå flo til fjære). Fjordarmen mellom Kvanndal og Utne er ofte vindutsatt, men i dag var det knapt bevegelse i sjøen på denne strekninga. Sol, og nesten sommarleg temperatur!

      ↑1050m   16km
Moldalie / Storebottseggi
Tre turar i den flotte lia opp mot Storebotseggi. Strålande føre og langt betre vær enn forventa i dag!
      ↑1130m   19km
Nehseimshorgi (1091m) og Smøreggi
Starta frå Medås og gjekk fyrst opp Nautastien til Nesheimshorgi, med nedkøyring til Krokavatnet. Så vidare opp til Smøreggi og nedatt under kraftlinja til Medås. Litt vind- og solpåvirka nysnø her og der, men for det meste fine forhold i leheng og der sola hadde tatt minst.
      ↑880m   13km
Fennanuten (850m) frå Skaftedal
Eit solid påfyll med nysnø og flotte forhold! Me nytta sjansen til ein ettermiddagstur i opplett etter dagens kraftige snøvær. To nedkøyringar, den siste heile vegen nedatt til Brekke.