
Rundtur Spildo-Bakkavegen-Skår-Skjervet, med eit par avstikkarar.


Velken-Trohaugen-Holven. Sesongens fyrste stirunde på sykkel.

Oksen x 3
Flott telttur til Rindarnuten fredag kveld. Med panoramautsikt over Hardangerfjorden og Oksebrekkene er dette kanskje ein av dei finaste plassane å slå opp telt om ein skal gå vidare til Oksen. To nedkøyringar i vestflanken og ein aust mot Oksastølen. Perfekt slusjføre i alle himmelretningar!











Bakkanosi (1398m)
Flott guida tur i maksimalt føre og nydeleg vær, eller som ein av deltakarane sa; "This is the most beautiful thing I have ever seen!"









Oksen (1241m) frå Hamre via Seljenuten. Ettermiddagstur i strålande sol og høg lufttemperatur heilt til topps.




Guida tur til Botnane og Steinhytta med ei stor gruppe tilreisande. Vær- og føre spelte ikkje heilt på lag med oss i dag, men då Audun foreslo kakao- og kaffipause på Skykkjeset var stemninga på topp.




Såta (933m) frå øvre Fenno


Kvasshovden (1030m). Den varmaste dagen til no i påsken og slushføre frå topp til botn!


Påsketur til Midtfjell (1255m) og Ingebjørgfjellet (1210m).




Oksen (1241m) frå Hamre
Til fots til Seljesete, så vidare på ski til toppen.





Strutseggi og Stavaskarsnuten




Horn (1103m)
To nedkøyringar i flott slusjføre og påskestemning!
Sjå Tor-Einar sine flotte bilder frå turen her: http://instagram.com/topptor

