19.12.2013

Reiste frå øsande regnvær til full vinter og etter forholdene bra med snø på Ulvikahøgda!
I kveld vart det hovudlykttur på ski med hunden, frå Drevtjørn og inn til Solsæstølane, i nypreparerte og flotte "urørte" skøyteløyper. Tett snøvær og sludd fyrste halvtimen, men gradvis letta det, og på turen tilbake dukka månen fram og ga eit vakkert svakt lys over fjellene som omkransar austsida av Solsævatnet.