23.11.2013

Fin tur til Finnbunuten (1358moh.) frå Sende (Vikafjellet), lett snøvær og stort sett flotte snøforhold, men avblåst på toppane. Til tider null sikt dei siste 200-300 høgdemeterane mot toppen.

Noko av det fine med å ha med seg hunden når det er dårlig sikt og flatt ljos som i dag, er at ein slepp å nistirre på GPSen på veg nedatt - hunden følger eksakt samme ruta, sjølv når sporet er gjennblåst!

På veg nedatt (på ein av fortoppane) møtte me på ei gruppe på fire som hadde valgt å snu og som me tok følge med ned. Overaskande bra pudderføre så lenge ein unngår dei mest avblåste stadene!

Sporlogg