Når det er fullmånekveld og i tillegg er komme litt nysnjo tidlegare på dagen, er det ein ekstra god grunn for å komme seg ut!
Utstyrt med to hodelykter (ei enkel lykt med god batterikapasitet på veg opp, og ei ekstra kraftig lykt til bruk nedatt) tok eg turen frå Stokksel til Ingebjørgfjellet.
Skinet frå månen lyste svakt opp landskapet, og då var det ikkje spesielt vanskelig å motivere seg til å gå heile vegen til topps. Som venta var det ganske isete heilt øverst og eit stykke ned mot Nonfjell, men nedkøyringa vidare var rett og slett fantastisk bra! Med ei kraftig hovudlykt som gav 50 meter god og klar sikt var det berre å gje på.
Videoklipp (desverre litt dårlig kvalitet på klippet.. månen kjem så vidt til syne i slutten av filmen): https://vimeo.com/86785034
Flotte forhold med ein kombinasjon av eit mjukt skarelag med nysnjo oppå