Velkesfjellet/Kvasshovden
Velkesfjellet/Kvasshovden. Vindstille, sol og svært flotte forhold!
Velkesfjellet
Ettermiddagstur til Velkesfjellet. Nydeleg føre heilt til topps!
Verkadalsnuten
Eg og Audun gjekk frå Stokksel mot Verkadalsnuten. For tett skodde til å gå vidare mot Ingebjørgfjellet.
Verkadalsnuten
Tett snødrev på formiddagen og knallflotte forhold på ettermiddagstur til Verkadalsnuten frå Stokksel
Haugseåsen - Velkesfjellet
Me starta frå Haugseåsen og gjekk eit stykke opp mot Velkesfjellet. Minst 20-30cm nysnø sidan i går! To liryper hadde gravd seg ned i snøen og berre hovudet stakk opp i det me fekk auge på dei. Dei lot oss komme så nær som 2-3 meter og me fekk god tid til å knipse bilder.
Stokksel - Nonfjell
Puddertur til Nonfjell. Omlag 50-60cm fjørlett nysnjo har komme siste to døgn. Utruleg flotte forhold!
Solsæ
Solsæ
Tverrlia, Jordalen
Tverrlia i Jordalen. Litt vindpåvirka og flatt ljos øverst, men strålande pudderforhold lenger nede.
Bilde-Grostøl
Gjekk frå Bilde og fulgte sommarruta som går i skogen opp mot Grostøl, vidare til rett oppunder Horganipen.
Oksen frå Stokksel
Måneskinstur til Oksen (frå Stokksel). Overraskande flott føre, med 5 cm pudder som stort sett har fått ligge upåvirka av vind siste veka, og som låg jamnt og fint nesten heilt ned til Stokksel!
Ingebjørgfjellet frå Stokksel
Ettermiddagstur frå Stokksel til Ingebjørgfjellet. Denne fjellsida må ha vore fullstendig upåvirka av vind dei siste dagane.. for det ligg framleis 5-10cm pudder heile vegen opp. Fullstendig vindstille og skikkelig varmt på toppen. Mobilfoto:
Horndalsnuten frå Skår
Me starta frå Skår og hadde plan om Seldalsnuten, men etter litt fram og tilbake endte me opp med Horndalsnuten. Flott tur i eit nydeleg vær!
Midtfjell, Dosafjellet
Ettermiddagstur til Midtfjell. Nedatt til Dalsete og tilbake over Dosafjellet. Blikkstille på toppen av Midtfjell men litt meir avblåst og uforutsigbart føre enn tidlegare i veka.
Stokksel, Oksen, Ingebjørgfjellet, Dalsete
Etterlengta solskinsdag og fridag. Gjekk frå Stokksel til Oksen, tilbake om Ingebjørgfjellet og nedatt til Dalsete. Hadde ikkje dei heilt store forhåpningane om bra føre.. men frå Stokksel og vidare opp låg det 5 cm med tørr upåvirka nysnø oppå mjuk skare. Veldig flotte snøforhold, spesielt ned nordaustsida av Oksen og Ingebjørgfjellet. Varmt i sola og stort sett vindstille.

Sporlogg
Tverrlia, Jordalen
Kveldstur til Tverrlia i Jordalen. Fantastisk flott pudderføre! To turar, den siste frå litt over trengrensa (på ca 850moh)

Sporlogg
Videoklipp frå den siste turen ned:

Njuk
Kveldstur frå Såkvitno til hytta på Njuk, frå tysdag til onsdag. Klabbeføre deluxe på turen opp, men flott vær og føre neste dag.