↑1200m 15km 3t:10mVesle Vassfjøro (ca 1300m) frå Tunheim i Ulvik
Starta rett etter jobb og rakk akkurat siste rest av solnedgangen. Vindstille og varmt i sola, kunne gå i berre kortarma opp til Jonstøl. Føret derimot var ikkje mykje å skryte av; knekkebrødskare i solhellingane, som gjorde det utfordrande å få tatt fine svingar nedover fjellsida.
I tida før fyrste verdenskrig vart det dreve skiferbrudd innover mot Vetle Vassfjøro. Skiferen vart frakta med bane frå omlag 1200 høgdemeter frå Vassfjøro og ned til Osa, men arbeidet vart lite lønsamt og drifta varte ikkje særleg lenge.
Jonstøl med Vassfjøro i bakgrunnen
  ↑1110m 14km 2t:35mIngebjørgnuten (1210m)
  ↑970m 14km 2t:45mIngebjørgnuten (1210m)
Kanskje min aller finaste måneskinstur. Intens nordlysaktivitet og perfekt pudderføre på heile nedkøyringa mot Stokkseldalen! Ubeskrivelig fint, og nesten vanskeleg å halde fokus på anna enn himmelen over meg..
  ↑820m Kvasshovden (1030m)
Morgontur til Kvasshovden frå Lødalen. Fantastiske snøforhold heilt til topps! To nedkøyringar i partiet frå toppen.
  ↑1030m 2t:20mGrimsnuten (1228m) frå Nesheim (Bruravik).
Fyrst til fots til Grønskål før eg kunne fortsette på ski til Øvstestølen. Nydeleg føre vidare opp til toppen.
  ↑810m 1t:30mMorgontur til Såta (Øvre Fenno).
  ↑890m 2t:10mFennanuten (850m) frå Skaftedalen. To nedkøyringar i 10-20cm nysnø. God varme frå sola og antydning til slushføre i bratthenget ned mot parkeringa.
  ↑960m 11km 2t:30mStrutseggi (1137m) frå Liaset. Pudderføre heilt til topps. Denne austvendte flanken har stort sett vore skjerma for dei siste dagars vindherjingar.
  ↑1260m 17km 3t:10mHorndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Snøbyger og variabel sikt på turen opp, men på nedkøyringa klaffa det bra med både vær og føre.
  ↑660m 7kmTidleg formiddagstur til Nonfjell
  ↑960m 12kmDosafjellet
To nedkøyringar i perfekt pudderføre. Denne skogslia er kanskje hakket betre enn Nonfjell når snøforholda er som no.
  Formiddagsøkt i Nonfjellskogen
  ↑1060m 13,5km Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokkselvegen
Nye 10cm sidan sist og drømmeføre i den bratte skogslia ned frå Nonfjellshytta.
  ↑1060m 13,5km Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokkselvegen
Kraftig måneskin og minst 40cm djup pudder i Nonfjellskogen. Stort flottare blir det ikkje!