↑550m   6km  1:00t Bavallen-Ekspressheistoppen.
↑1470m   14,5km  3:45t Øyastølsfjellet (1342m) og Nipa (1247m) i Jordalen. Strålande pudderføre over 800moh. Uvanleg lite snø også i Jordalen for tida, men i dag var det fine forhold over tregrensa med 5-15cm fjørlett nysnjo.
↑1260m   17,5km  3:05t Bra med påfyll av snø sidan forrige tur til Lønahorgi, og eit par cm nysnø på jamt snødekke frå Horgaletten og vidare opp.
↑632m   8,5km  1:15t Horgaletten frå Bavallen. Ein søkkvåt opplevelse med tett yr og vind. Likevel OK slushføre nedatt.
↑632m   8,5km  1:10t Horgaletten frå Bavallen. Bra føre både i og utanfor løypa til tross for at det sludda heilt opp. Me vurderte å fortsette, men skodda la seg tjukk vidare oppover.
↑1240m   17km  2:45t Førjolstur til Lønahorgi. Eit lite lag med nysnjo heile vegen opp, men høgst variabelt snødekke der vinden har tatt mest.
↑550m   6km  0:55t Bavallen-Ekspressheistoppen.
↑500m   6km Fin tur frå Tunheim til Øydvekleppe, med flott utsikt over Ulvik og Osafjorden.
↑1232m   17km  3:25tLønahorgi frå Bavallen
I kveld skjedde det som eg har frykta kunne skje med superlette og godt brukte ski; rett før me skulle ned frå toppen tuppa eg den eine skia i ein liten skavle, nok til at den knakk både i tuppen óg i bindingsfeste. Kun stålkanten holdt skia sammen. Heldigvis gjekk det forholdsvis greit å komme seg ned att, men det tok si tid, og det vart langt ifrå nokon elegante svingar eller noko vakkert syn..
Tunnelen inn til masta er god å ha når vinden herjar utanfor
↑1232m   17km  3:05tLønahorgi frå Bavallen
Mildt og fullstendig vindstille på toppen, og med ein knapp cm med nysnø(om ein legg godvilja til) var føre litt betre enn for eit par dagar sidan. Bonusen i kveld var uansett å komme rett over i nystrigla løyper nedatt skiresorten til Bavallen.
↑450m   5,05km  Bavallen til ekspressheis-toppen
↑1232m   17,05km  2:45tLønahorgi frå Bavallen
Nydeleg rosafarga himmel, flott halvmåneskin og sesongens fyrste skitur til Lønahorgi! Sjølv om føre ikkje var noko å juble for var det betre enn frykta, og også meir snø enn forventa frå Horgaletten og opp.
↑1020m   14, 5km  2:05tTo nedkøyringar frå toppen av ekspressheisen til Bavallen. Full snøproduksjon og fine forhold i kveld. Når det er begrensa med snø i fjellet er Voss Resort god å ha!
↑510m   6,5km  1:00tEi nedkøyring i ljosløypa frå toppen av Ekspressheisen til Bavallen.
↑929m   11km  2:40tFinnbunuten (1358m) frå Myrkdalen. Vindfullt på toppen og ikkje så bra føre som me hadde håpt på i dag.

Tur til utsiktspunktet i Granvin rett før solnedgang
↑1150m   14km  2:10tHorgaletten og toppen av Ekspressheisen frå Bavallen. Nye 5cm i dag og fine forhold, spesielt ned frå Horgaletten der snøen låg jamnt fordelt i vegen.
↑632m   6.5km  1:25tHorgaletten. Stjerneklart i det me kom opp. På det meste låg det rundt 10-15cm nysnø i vegen opp mot toppen og nok snø til unngå riper i skiene..