Havås-Nesheimhorgi
Tjukk skodde, lite snø og utfordrande føre på toppen men fint slusjføre vidare ned Nautastien og i ferskt scooterspor nedatt vegen til Havås.
Stokksel-Nonfjellshytta
Julestormen "Urd" har på kort tid omgjort Nonfjellsskogen til eit pudderparadis! 20cm tørr nysnø i skogen og to nedkøyringar frå Nonfjellshytta(800moh). Det snøa så tett på den siste turen at spora frå den fyrste knapt var synleg. Vindfullt over trengrensa, men lunt og fint i skogen. Nede att i Granvin sludda og blas det som verst -kontrasten kunne knapt vore større.


Stokksel - Nonfjellshytta
Puddertur mellom graut- og pinnakjøtmiddag. 30cm nysnø og julekortstemning i Nonfjellsskogen!


Mykdalen
20cm nysnø og perfekt pudderføre i Myrkdalen. Gjekk ein tur opp til toppen av Kari Trå-trekket, og ein tur til Storhaugen.
Myrkdalen - Finnbunuten
Kveldstur til Finnbunuten (1358m). På veg mot toppen kom og gjekk skodda og eg fekk brått "nærkontakt" med ei einsleg fjellrype rett før toppvarden. Lettare forvirra og blenda av ljoset frå hovelykta var den nær ved å treffe meg i det den letta..


Stokksel-Ingebjørgfjellet
Formiddagstur til Ingebjørgfjellet, til fots. Elendige snøforhold heilt til topps så lot skiene ligge att i bilen.


Myrkdalen
Gjekk til toppen av Kari Trå-trekket. Der snøa det så tett at det ikkje var nokon vits i å fortsette vidare. Skodde og 5cm våt nysnø på toppen... ellers dårleg vær og føre.
Myrkdalen - Finnbunuten
Kveldstur til Finnbunuten frå Myrkdalen. Me gjekk stort sett i lett yr, tett skodde og plussgrader heile vegen. Heller ikkje heilt øvst var det pudder. Uansett, regnet gav seg.. og me fekk bra slusjføre i løypene frå Kari Trå-trekket og heilt ned!
Olastøl - Sauanuten
På "superfullmånetur" til Sauanuten/Stavaskarsnuten. Minimalt med snø fram til Stavaskar (ca 900moh).. men OK vidare oppover. Fantastisk flott kveld!


Solsæ
Flott kveldstur innover til Solsæ. Månen var synleg rett over tretoppane innover skogen og ga eit flott ljos over Vassfjøro og fjellene rundt!
Liaset-Olsskavlen (kveldstur)
Starta litt seint, så stod ikkje på toppen før i 23-tida. Flott skin frå halvmånen.. mildt(til å være heilt stjerneklart) og etterkvart fullstendig vindstille. Glassert og isete frå Stavaskar og opp til Olavsbu.. så stålkantane fekk virkelig prøvd seg på turen ned.

Bilete frå samme turen, 4.des 2014: http://turogfoto.no/foto-blogg/545-olsskavlen-maneskinstur

Olsskavlen (1576m)
Liaset-Stavaskarsnuten
Etterlengta tur i sol og dagsljos! Når ikkje føret spelar heilt på lag er det iallefall bra at vær og stemning er på topp.