Nypreparerte, gode løyper dei sju kilometrane inn til stølane ved Solsæ. Med kraftig hovudlykt som gir 40-50m god lysstyrke er det flott å suse innover på ski i den smale og lett kuperte løypa, spesielt når forholda er såpass bra som i kveld; vindstille, opphaldsvær og 5 plussgrader!
Brua vest for Solsævatnet
Nypreparert skispor innover langs Solsævatnet
Ved Solsæ
Kari Traa-trekket, Myrkdalen
40-50cm lett nysjno i Myrkdalen
Vindstille, 6 plussgrader og snøen så råtten at det ikkje var mulig å gå utenfor det oppkjøyrde sporet inn mot Solsæ. Flott ettermiddagssol over Vetle Vassfjøro og Vassfjellet, med nysnjo over700-800m.
Vakker julekortstemning i lysløypa
15-20cm nysjno på Ulvikahøgda
Reiste frå øsande regnvær til full vinter og etter forholdene bra med snø på Ulvikahøgda!
I kveld vart det hovudlykttur på ski med hunden, frå Drevtjørn og inn til Solsæstølane, i nypreparerte og flotte "urørte" skøyteløyper. Tett snøvær og sludd fyrste halvtimen, men gradvis letta det, og på turen tilbake dukka månen fram og ga eit vakkert svakt lys over fjellene som omkransar austsida av Solsævatnet.
Utsyn frå Solsæ, med ljosløypa på Drevtjørn som lyser opp i bakgrunnen.
Nesheim og Nesheimshorgi i måneskin
Olastøl
Flott måneskin over Olastøl, med utsikt mot Espelandsvatnet/Espelandsdalen
Bjørndalskamben
Tur med DNT Fjellsport Voss til Bjørndalskamben (1402m)
Njuk rett før Soloppgang
Morgonsol over Seldalsnuten og Olsskavlen
Myrkdalen, Reppane, Bjørndalskamben
Årets til no flottaste vinterdag, med 40-50 cm lett nysnjo og tilnærma vindstille på Bjørndalskamben. Det tynne skoddelaget ga eit fantastisk flott ljos i det sola var på veg ned bak fjellet.
[sporlogg]
Myrkdalen sett frå Revhaugen
Innover mot Reppane (Reppamyrane)
Innover mot Reppane (Reppamyrane)
Utsikt sørover frå Reppaskaret. Skodda ligg tjukk nede i dalen og nymånen kan såvidt skimtast i bakgrunnen.
Nymåne over Tjørnarhovden
Ljosløype på Drevtjørn
10-15cm med lett nysnjo og flott føre innover Skaftedal til Skykkjeset og vidare mot vesle Honndalsnuten i ettermiddag! Vekslande sikt og periodar med tett snødrev, men fin "skogskøyring" i laussnjo nedatt.
Desember 2013