Tur i nydeleg vær frå Sima og opp fjellsida til Kjeåsen fjellgard, 530 stupbratte meter rett over Hardangerfjorden.
↑2740m Flotte dagar innerst i Skaftedalen med turar til Horndalsnuten og Skipadalsnuten. Nedkøyringar i elvadalen mot Skykkjeset. Med kalde netter og varmt påskevær holdt føre seg bra til langt utpå kvelden.
Utsyn over mot Horndalsnuten
Ned "elvadalen" mot Skykkjeset Foto: Audun Brekke
Fortsatt optimalt føre ned elvadalen kl 20
↑640m Strutseggi/Olavstølsnuten(1137m) i raskt påskeslush-føre
↑1140m Onen (1621m)
Flott tur med DNT Fjellsport til Onen frå Viermyr.
Frå Onen med Vassfjøro i bakgrunnen
↑1220m Olsskavlen (1576m) frå Liaset
Starta litt tidlegare enn i går og vart belønna med langt betre slusjføre nedatt. Vindstille og varmt.. kunne gå i berre kortarma ulltrøye heilt opp.
↑1220m Olsskavlen (1576m) frå Liaset
Varmt i sola og Ikkje eit vindpust på toppen. Litt vekslande og ujamnt føre nedatt, men og eit lengre parti ned frå Stavaskarsnuten som overraska med flott kveldsslush..
Hurrungane sett frå Olsskavlen
↑700m 8km 2:00t Ettermiddagstur til Kvasshovden(1030m) frå parkering ovanfor Drevtjørn.

Årets fyrste sykkeltur! Frå Utne til Lote, og litt utforsking av div stiar i området
↑2020m Oksen(1241m) frå Tjoflot
Telta rett ovanfor Vindhovden (på Rindarnuten 776m). Eit flott utgangspunkt for tur vidare oppover. Oksebrekkene ligg perfekt til for lang kveldsol og slushføre.. spesielt slik det har vore i det siste, når temperaturen berre har økt på utover kvelden.
Kort veg til Oksebrekkene og panorama fjordutsikt
↑1020m 12km 3:05t Oksen(1241m) frå Tjoflot
Uvanlig varmt og nesten fønaktig vind til tross for at me kom i gang seint og ikkje var oppe før solnedgang. Me frykta det skulle fryse på men fekk overraskande bra slushføre frå toppen og heilt nedatt til stølen.
Vakker solnedgang på toppen. Foto: Audun
↑1020m 12km 3:25t Oksen(1241m) frå Tjoflot.
Nydeleg kveldssol over Hardangerfjorden. Med litt strategisk linjevalg kunne ein stort sett finne bra pudderføre/mjuk fokksnø frå toppen og ned heile Oksebrekkene. Vidare nedover mot Vindhovden er det no så lite snø at ein snart kan gå til fots..
mobilfoto: