Morelleblom
Morelleblom
Tveito, Haugseåsen, Vetlavatnet, Vatnset
Tok turen til Tveito og og innover den fine skogsvegen til Vetlavatnet. Varmt som ein sommardag og tørre fine vegar å sykle på. Fortsatte nedatt til Heiane over til Haugseåsen og inn til Vatnaset.
Vegen inn mot Vetlavatnet (Tveito)
Vetlavatnet
Vatnaset
Nordbotnnuten, Stavaskarsnuten og Strutseggi
Flott tur frå Liaset til Nordbotnnuten, Stavaskarsnuten og Strutseggi i eit fantastisk vær og føre! Nedkøyring til Nordrebotnen, Trollabotnen, Seldalen og Liaset i slusjføre.
På veg ned mot Trollabotnen
Osafjorden, Sygnestveit
Kajakktur i Osafjorden
Sygnestveit i Osafjorden
Osa og Osafjorden
Honndalsnuten
Ettermiddagstur frå Fennestølane til Honndalsnuten (Horndalsnuten) 1461 m.
Veldig våt og tung snø (sugeføre) heilt fram til øvre Modalsvatnet ca 1000 moh, men bra vidare opp. Fullstendig vindstille (og lydstille!) på toppen.. og sikkert nærmare 20 grader i sola.
Lønahorgi sett frå Honndalsnuten
Voss sett frå Honndalsnuten
Holven, Heiane, Velkje, Vatnaset
Fin sykkeltur frå Holven over Heiane, vidare på skogssti som ender opp på Velkje og på grusveg/traktorveg fram til Vatnasetstølane. Vindstille og varmt i kveldssola på Vatnaset.
Skogssti mot Velkje (GoPro-kamera)
Skogssti mot Velkje (GoPro-kamera)
Litlastøl med utsikt mot Granvinsfjorden
"Vatnasetmannen" still going strong...
Vetlavatnet, Tveito
Kveldstur på sykkel til Vetlavatnet (Tveito). Fine tørre stiar, og varmt som ein sommardag..!
Tveito og Granvinsfjorden
Vetlavatnet (Tveito)
Stokksel, Ingebjørgfjellet, Midtfjell, Dalsete
Hadde plan om ein skifri dag, men når forholdene i fjellet er på sitt aller beste er det fort gjort å ombestemme seg..
-
Turen gjekk frå Stokksel til Ingebjørgfjellet, nordaust mot Dalsete, vidare til Midtfjell (via Disk) og oppatt til Ingebjørgfjellet for 2.gong. Fantastiske forhold, med ein god blanding av nysnø og slush! I dag var det folk å sjå på alle dei fire fjelltoppane (Oksen, Ingebjørgfjellet, Midtfjell og Grimsnuten) langs fjorden.
På veg mot Midtfjell, med Ingebjørgfjellet i bakgrunnen
Frå Midtfjell mot Grimsnuten og Eidfjorden
Hamre
Vårleg innover grusvegen til Hamre, og langsmed heile vegen var kvitveisen kommen i full blomst! Eit anna vårtegn; Jo Bjørna svelgte ei fluge..
Stokksel, Midtfjell, Ingebjørgfjellet
Tur frå Stokksel til Midtfjell og Ingebjørgfjellet i maksimalt vær og føre.
Den lange slake nedkøyringa frå Ingebjørgfjellet mot Stokkseldalen var bedre enn nokon gong, med litt nysnø på toppen som gjekk over til den flottaste smørslush lenger nede.
Bavallen, Lønahorgi
Tur frå Bavallen til Lønahorgi.
Til tross for oppimot 15m/s var føret bra frå Horgaletten og vidare opp. Stort sett sol og god sikt!
På veg mot Lønahorgi 1410m
Njuk, kveldstur
Tur til Njuk i altfor mykje tung nysnø. Flott fuglesang i skogen på veg ned att neste morgon!
Olsskavlen, kveldstur
Kveldstur til Olsskavlen med Georg og Reidun.
Solskin og flott nysnøføre frå Stavaskaret (750m) og vidare. Skodda kom sigande då me nærma oss Olsskavlen, og me fekk aldri den flotte solnedgangen frå toppen som me hadde håpa på. Etter eit par hundre høgdemeter med nedkøyring i nysnø vart sikta god, med flott skin frå månen og solnedgang i vest. Me kunne og skimte planeten Mars, som ein raudleg liten prikk på himmelen. Nedkøyringa frå Stavaskarsnuten og vidare var mildt sagt dårlig - slusjsnøen var omgjort til brotskare av verste sort...
Nysnøforhold frå ca 1100moh.
Olsskavlen 1576moh
Ned frå Olsskavlen i tett skodde (med varden i bakgrunnen)
På veg ned frå Olsskavlen
Liaset, Strutseggi
Ettermiddagstur frå Liaset til Strutseggi, på ein dag der sola og finværet kom litt uventa.
Artig nedkøyring, i rask slushsnø av beste sort, frå topp til botn!
Tre fjellryper, godt kamuflert..
Tre fjellryper, godt kamuflert..
Frå Strutseggi i retning Voss/Lønahorgi
Storeflåtten sett frå Strutseggi
Stokksel, Midtfjell
Turlagstur frå Stokksel til Midtfjell.
Når ein våkner opp til gråvær, tåke og litt yr i lufta, så er det ikkje alltid like lett å motivere seg for å være turleder. Men till tross for litt yr og regn i starten vart været fort bedre, med gløtt av sol innimellom, og god sikt store deler av turen. Føret var upåklageleg bra heilt til topps, med eit lett slushlag på fast og fint underlag!
På veg nedatt, i scootersporet mot Stokksel, kom to reinsdyr plutseleg i mot i stor fart.. kva dei hadde blitt skremt av lenger nede er eg usikker på.. men dei bråsnudde når dei såg oss (og hunden), berre 5-10m ifrå oss.
På veg opp mot toppen, med Sørfjorden i bakgrunnen
Midtfjell 1255m
Njuk
Stjernehimmel og halvmåne over Njuk