August 2014

Bjotveit, Bjotveitdalen, Skoddedalen, Storeflåtten

Tok turen til Bjotveit rett etter jobb. Først bratt opp Bjotveitdalen og så vidare på T-merka sti. Planen var å gå heilt til topps for å telte, men så kom eg over eit idyllisk område innerst i Skoddedalen på ca 1200moh. der eg slo opp telt rett før sola gjekk ned. Starta tidleg dagen etter for å gå vidare til Storeflåtten.

27.08.2014 | Ingebjørgfjellet, Stoksel

Kveldstur til Ingebjørgfjellet frå Stoksel. Starta 19:30.. og nådde akkurat i dei siste solstrålene på toppen 20:45 før sola gjekk ned bak fjellene.

24.08.2014

Eit par rundar i løypa ovanfor Holven (rundt Heiane/Fletene). Dette er ein fin rundtur på ca 5km.. med variert blanding av skogssti, kjerre/traktorveg og grusveg.
http://www.lommekjent.no/ruter/1764715

Kjerringafjellet - Kvasshovden

Flott kveldstur til Kjerringafjellet og Kvasshovden. Stemningsfullt ljos på turen ned mot Geituri.

18.08.2014

Fulgte stien som går frå Olavstøl til Jonene, med panoramautsikt over Øvre-Granvin.

17.08.2014

Flott rundtur inn Stokkseldalen til Dalsete og opp til Midtfjell via Disk. Tilbake den vanlige ruta over Dosafjellet. Lett duskregn fyrste halvtimen, men så klarna det opp med sol og vindstille på toppen.

14.08.2014-15.08.2014

Kveldstur/telttur til Oksen frå Tjoflot.
Lang og flott solnedgang og oppgang!

12.08.2014

Kveldstur til Njuk

10.08.2014

Inn til Bulko og over Almenningane til Bordalen, tilbake over Skutlesåsen. Denne vegen tek deg opp i flott turterreng med god utsikt over fjella i Hardanger.

Sporlogg


09.08.2014

Kort formiddagstur til Dosafjellet frå Stokksel.

08.08.2014

Tur/retur Solsæstølane frå Holven i optimalt "sykkelvær".

05.08.2014

Sykkeltur over "gamle postvegen", frå Granvin over Vatnasete/Angerskleiv til Ulvik. På veg mot Angerskleiv vart det eit par blåbærstopp, før det fortsatte nedover på fin sti/traktorveg mot Ulvik. Tilbake over Espelandsdalen og Heiane.

04.08.2014

Sykla bilvegen frå Vallavik til Tjoflot og vidare opp grusveg/sti til Fjellbrune (parti før Vindhovden) i flott kveldssol.
Med litt for lite niste, og litt for mange bugnande plommetre..

03.08.2014

Sykkeltur til Stokksel og vidare opp anleggsvegen til mastene. Det var ifølge yr meldt torevær i kveld, men slapp heldigvis unna med berre nokre få regndråper.

01.08.2014

Tur til Lønahorgi frå Tråstølen i tett skodde.