21.12.2014 | Solsæ (fatbike)

Fekk tips om at løypa inn til Solsæstølane no var trakka og klar til bruk. Vegen er 14km (t/r) og like fin både sommar som vinter, til fots, på ski.. eller på sykkel.
Det hadde snøa tett og allereie lagt seg 10-12cm oppå den trakka løypa og den mjuke skaren, så eg frykta det kom til å bli vanskeleg å komme seg innover. Men med lågt trykk i dei breie dekka hadde ikkje sykkelen noko problem med å flyte oppå snøen. Skogen er nesten blitt "trolsk" av all den tunge snøen.. og det er nett som eit eventyr å suse innover skogen for tida, med omlag 1,5 meter med snø rundt seg.