18.11.2014 | Olastøl - Stavaskarsnuten

Drog avgårde rett etter jobb til Olastøl, der eg parkerte bilen, og gjekk vidare til Stavaskarsnuten i håp om nå i sola. I det eg nærma meg toppen kom sola fram mellom skysprekkene og gav eit flott ljos over fjelltoppane!
Frå snøgrensea (ca 700m) og opp mot toppen av Stavaskarsnuten (1213m) såg eg fleire lemen som pilte rundt omkring.. og var det eit enormt antall (hundrevis) med hi/lemenhull i snøen.
Lemen har eit stort reproduksjonspotensiale, så viss desse klarer seg gjennom vinteren kan det kry av dei når våren kjem att..