Ingebjørgfjellet, Midtfjell, Stokkseldalen

Når både YR og Storm melder sol og vindstille skal det mykje til for at det slår feil. Likevel starta dagen med eit lett skylag mot sør, og forholdsvis tunge skydotter hengande over Ingebjørgfjellet og Oksen.
Når eg kom igang frå Stokksel i 10-tida hadde det allereie begynt å klarne opp.. og til min store overraskelse var det i løpet av natta komme eit fjørlett lag med 5-10cm med nysnjo. Når ein har hatt vind, skodde, flatt ljos osv i nærmare to månader i strekk, og plutselig får slike forhold er det nesten ikkje til å tru.

Kort oppsummert;  Turen gjekk først til Ingebjørgfjellet, nedatt ryggen av fjellet mot Dalsete (Stokkseldalen) og så vidare oppatt til Midtfjell. Nedkøyringa mot Stokksel frå Midtfjell er ein favoritt.. spesielt den siste halvdelen ned toppen, som fyrst går inn i ei lang slak "renne" og så åpner seg ned mot Stokkseldalen. Når nysnjoen er så lett og fin som no treng ein ikkje bratte heng for å få god flyt, og då er denne turen midt i blinken. I dag var det vindstille på toppane og klar, flott utsikt i alle retningar.