Tokheim-Støladalen

Kveldstur på den gamle ridestien som går frå Tokheim opp mot Folgefonna. Snudde på ca 1100moh, rett før stien går over i breen. På turen opp blir det mykje trilling av sykkelen, men minst 90% av dei omlag tusen høgdemetrene nedatt kan syklast. Flott utsikt rett ned mot Odda og Sørfjorden!