Stokksel-Dalsete-Vallavik-Ulvik-Angerskleiv

Har lenge tenkt på om det lot seg gjere å sykle Stokkseldalen over til Dalsete og Vallavik. I starten vart det eindel trilling/lyfting av sykkelen, men og nokre veldig fine stiparti når det flatar ut innover mot Dalsete. Etter eindel knoting på "uframkommeleg" sti ned frå Dalsete ender den opp i ein bratt og steinete anleggsveg som er syklbar dei neste 400 høgdemetrene rett ned mot Hardangerbrua og Vallavik. Så vidare på asfaltveg til Ulvik sentrum der det vart ein lang og god pause. Tilbake gamle Almenningsvegen over fjellet til Granvin. Truleg vart det ny personleg rekord i antall bad på turen.. fyrst i Rundavatnet ved Dalsete.. så i Ulvikafjorden.. Vatnasetvatnet og til slutt Granvinsvatnet. Det føles ekstra forfriskande å kaste seg uti når det er såpass varmt i lufta som no!