Stokksel-Ingebjørgfjellet

Ingebjørgfjellet (1210m). I dag kom sola som meldt omtrent i det minuttet eg kom på toppen og ga eit vakkert ljos gjennom det tynne skylaget. Stort sett jamnt fint nysnøføre frå toppen og ned. Ein rypeflokk på 7 stk dukka opp rett før siste stigning.