Hamre-Seljenuten-Oksen

Nydeleg kveldstur til Oksen frå Hamre. Vindstille og varmt. Flott å kunne springe nedatt på dei tørre svaberga frå toppen i kveldssol.

Overraskande mange som hadde tatt turen til fjells i kveld.. på veg opp stien til Seljenuten pilte det fleire mus tvers over stien.. vidare opp mot Oksen låg det tre liryper godt gøymd i myra/lyngen.. og den eine av dei sneia skoen min i det eg skremde dei opp (eller var det heller dei som skremde meg..!) Rett etterpå spratt det ein flott hare opp framfor meg som suste vidare oppover fjellsida. Saueflokken stilte seg fint opp for ein liten photosession, med Folkedal i bakgrunnen.. og då eg kom nedatt til Hamre var det stor aktivitet med niser som velta seg i den blikkstille fjorden.