Sendedalen, Holmavatnet (Vikafjellet)

Kveldstur til Holmavatnet på Vikafjellet der me telta på sørsida av vatnet. Laber fangst i vatna langs dalen.. kun nokre små 100-grams.. På morgonen vakna me til ein kronhjort som hadde lagt seg til høgt oppe mot Finnbufjellet (på ca 1200moh / fjellet i bakgrunnen på det fyrste bilete). Ei flott og litt uvanleg oppleving såpass langt til fjells!